Avdelingsleiar
Austevoll kommune
Gullsmedvegen 20, 5397 Bekkjarvik
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 28. juli
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å legga til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Selbjørn skule er ein barneskule med om lag 150 elevar og 35 tilsette. Vi held til i flotte omgivelser i Bekkjarvik. Skulen har gode undervisningsrom, idrettshall, kultursal, flott musikkavdeling og stort uteområde.
Vi er med i Trivselsleiar-programmet, som er det største programmet i Skandinavia for aktivitet og inkludering i barne-og ungdomsskule.
Om stillinga
Ansvars- og arbeidsoppgåverPersonalansvar for tilsette:
- Medarbeidarsamtalar
- Fråvær – og sjukefråværsoppfølging
- Kompetanseutviklingsplanar
- Rettleiing
- Utvikla gode rutinar for digitale system
- Rullerande ansvar for vikarar
- Nytilsette
Dagleg drift og fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid:
- Samarbeid og fagleg pedagogisk utviklingsarbeid
- Koordinera samhandling med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Heim – skule samarbeid
- Legge til rette for og følge opp kartleggingsprøvar, nasjonale prøvar og elevundersøkinga
- Elevane sitt skulemiljø, særleg § 12 i opplæringslova
- Inkluderande læringsmiljø
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav- Godkjent lærarutdanning
- Leiarutdanning/leiarerfaring er ein fordel
- God IKT-kompetanse
- Erfaring frå spesialpedagogisk arbeid
- Gode ferdigheiter innafor klasse-/læringsleiing og relasjonsleiing, samt skuleutvikling
- Kunnskap om førebyggande arbeid og tidleg innsats
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT
- Du er fagleg engasjert, likar utfordringar og tek initiativ til å jobba fram forbetringar og gode løysingar
- Du har gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse, er tydeleg og kommuniserer godt og respektfullt med elevar, føresette og tilsette
- Du er sjølvstendig, men også samarbeidsvillig og løysingsorientert
- Du er ein lagspelar som jobbar systematisk
- Særlege krav knytt til stillinga:
Vi gjer merksam på at det vil bli krevd politiattest ved tilsetting. Politiattesten skal ikkje leggast ved søknadspapira, men framvisast ved oppstart.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit fagmiljø i utvikling
- Spanande utfordringar
- Som avdelingsleiar i Austevollskulen må du pårekna noko undervisning som ein del av stillinga
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn etter avtale
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
75f9c669-52cd-403d-9c23-6551ea497a37
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10255211