Helsefagarbeidar/assistent 56% som nattevakt Rus- og psykiske helsetenester
Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/assistent 56% som nattevakt
Type ansettelse
Fast, deltid 56%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Omtale av stillinga
Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter helsefagarbeidar til ledig nattevaktstilling, fast i turnus med arbeid kvar 3.helg.
Arbeidstad på Valen, Utsikten Bufellesskap.
Som tilsett ved Rus og psykisk helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneberer å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring.
Tilsetting frå september 2025
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med helsefagutdanning, men ikkje eit krav til stillinga.
- Erfaringskompetanse innan psykiatri vil vere eit føremon.
- Førarkort klasse B.
Personelge eigenskapar
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
- Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg.
- Du må vere over 18 år.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring.
Oppmodar menn til å søkja stillinga.
Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje
skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
75e318be-b42d-4d76-8510-fc9568b837c0
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3524185_225957_nn