Vil du bidra til å kartlegge skredfaren i Norge?
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Abels gt. 9, 7030 Trondheim, Anton Jenssens gate 7, 3125 Tønsberg, Kongensgate 52-54, 8514 Narvik, Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde, Vangsvegen 73, 2317 Hamar
Om jobben
- Stillingstittel
- Vil du bidra til å kartlegge skredfaren i Norge?
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. april
Dette er stillinga for deg med erfaring med skredfarekartlegging som ønskar å bidra til å styrke NVE sitt arbeid med skred. Faggruppa for skred i bratt terreng har skredkartlegging som primæroppgåve, men bidrar også til NVE sitt arbeid med rettleiing, arealplanlegging, sikring, overvaking, varsling og beredskap.
Farekartlegging er grunnlaget for det meste av risikoreduserande tiltak både i dag og i eit varmare og våtare klima. I flaum- og skredseksjonen i NVE kan du bidra til å gjere samfunnet betre rusta til å handtere desse farane.
Her har du mogelegheit til å vere ein del av eit solid fagmiljø med stor påverking på korleis skredrisikoen i Norge blir handtert!
Vi ønsker å styrke våre fagmiljø i Narvik, Hamar og Førde, men for spesielt kvalifiserte kandidatar kan Trondheim og Tønsberg også vere aktuelt.
Seksjonen har ansvar for å kartlegge fare for skred og flaum på både nasjonalt og lokalt nivå. Faggruppa for skred i bratt terreng lagar kartgrunnlag for god arealplanlegging, sikring og beredskap. Vi har og ansvar for rettleiaren for skredfareutgreiing som styrer kartleggingsmetodikken som blir brukt for å oppfylle lovkrav for ny busetnad.
Seksjonen har ansvar for nasjonal skreddatabase som samlar informasjon om skred som har gått i Norge. Vi har utstrekt samarbeid med interne og eksterne fagmiljø med fokus på kartlegging og vidareutvikling av metodikk og kartprodukt. Vi er 11 personar i faggruppa fordelt på alle NVE sine regionkontor og dei fleste har vore i NVE i mange år.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver vil kunne inkludere følgande basert på kompetanse:- nasjonal skredfarekartlegging – oppfølging og kvalitetssikring.
- gjennomføre skredfareutgreiing for skred i bratt terreng
- ansvar for å dokumentere og kontrollere skred i nasjonal database
- bidra til å oppdatere rettleiar for skredfareutgreiing og anna relevant regelverk
- bidra med nasjonale GIS-analyser og liknande knytt til skredfare
- fagleg støtte til arealplanbehandling, sikring, og andre deler av skredforvaltninga
- følgje opp skredhendingar inkludert å vurdere evakueringar
Det må påreknast noko reiseaktivitet.
Kvalifikasjoner
Krav:- master innanfor geologi, naturgeografi eller tilsvarande.
- minst to års relevant arbeidserfaring
- skriftleg og munnleg god på norsk og engelsk
- tryggingsmessig skikka for stillinga
- god evne til å samarbeide med andre, eksternt og internt
- evne til å gjennomføre feltarbeid i terreng
- førarkort B
- kjennskap til ulike typar skredmodellering
- erfaring frå feltarbeid og analyser knytt til skredfarekartlegging
- spisskompetanse på snøskredfarekartlegging
- erfaring frå konsulentbransjen og med prosjektleiing
- erfaring med GIS-analysar, maskinlæring og KI
Personlige egenskaper
- god evne til å planlegge og styre eigen kvardag
- fagleg engasjert og ynskjer å utvikla fagområdet
- bidrar til godt samarbeid og arbeidsmiljø
Det vert lagt betydeleg vekt på om du er personleg eigna.
Vi tilbyr
Som medarbeidar i NVE blir du ein del av ein sterk kunnskapsorganisasjon med eit utstrekt tverrfagleg miljø. Vi er opptekne av at medarbeidarane våre skal ha rom for personleg utvikling, og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil få varierte og utfordrande oppgåver med innverknad på viktige samfunnsområde og ei stor kontaktflate.
Der har vi tilbod om trening i arbeidstida. Vi har ein familievennleg og fleksibel personalpolitikk, og er opptekne av at medarbeidarane våre skal trivast og ha det godt på jobb i alle livsfasar. Vi har gode arbeidstidsordningar (fleksitid, sommartid, betalt overtid), og medlemskap i Statens pensjonskasse som mellom anna gir gode lånevilkår.
Årslønna di vil vera innanfor spennet kr 650.000 - 950.000 i stillingskode over-/senioringeniør (1087/1181) etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte kan høgare lønn og stillingskode vurderast. Endeleg lønnsplassering avheng av kvalifikasjonar. Frå lønna blir trekt pensjonsinnskot etter gjeldande reglar.
Vi veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksla mellom å jobba heimanfrå og møtast på kontoret. Det legg vi til rette for. Hos oss kan ein inngå avtale om delvis heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjera i samsvar med NVEs gjeldande retningslinjer.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalla minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandlet på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi oppmodar søkjarar til å kryssa av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Kompetanse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar. Vi ønskjer at du legg ved vitnemål og attestar elektronisk til søknaden. Søknadspapir blir ikkje returnerte.
Kontaktinformasjon
Odd Are Jensen, gruppeleiar - skred i bratt terreng, 94507330
Christina Wachter, HR-kontakt, 92065215
Arbeidssted
Kongensgate 52-54
8514 Narvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Referansenr.: 5094217138
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Christina Wachter
HR-kontakt
92065215
Odd Are Jensen
gruppeleiar - skred i bratt terreng
94507330
Om bedriften
Vi forvaltar Noreg sine vatn- og energiressursar til samfunnets beste. Det er vårt ansvar å sørgja for at straumen blir levert, halda tilsyn med kraftbransjen, utvikla regelverk og behandla søknader om konsesjon til fornybar energiproduksjon.
Vi kartlegg, overvaker og varslar om naturfare for å hjelpa samfunnet med å handtera flaum og skredrisiko gjennom rettleiing, arelplanhandsaming, sikring og støtte i beredskapsituasjoner. Vi er den nasjonale faginstitusjonen for hydrologi og driv med forsking innan NVE sine forvaltningsområder.
NVE har mål om å vera ei klimamedviten og berekraftig verksemd og Vi jobbar aktivt med å redusera vårt eige klimafotavtrykk.
NVE har over 700 tilsette, med hovudkontoret i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. Vi er eit direktorat underlagt Energidepartementet.
NVEs samfunnsoppdrag omfattar kritisk infrastruktur og er underlagt tryggingslova (sikkerhetsloven). Førebyggjande tryggingsarbeid blir vektlagt, under dette tryggingsmessige kvalifikasjonane til dei tilsette.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
75cf331d-ae52-48e7-92f7-e7bd77447005
- Sist endret
16. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f927b6faafe5418f86ffaad6d19df7bc