Miljøterapeut/vernepleiar/sjukepleiar
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Kuhnlevegen 282, 5209 Os, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 19. juni
Tilrettelagte tenester ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap, har ledig 100% fast stilling frå 01.09.25
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til barn og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter.
Bjørnefjorden bufellesskap ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 12 tenestemottakarar.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikra at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.
Stillinga vil inngå i resursbemanninga, og er i ordinær turnus med arbeidshelg 4.kvar helg.(langvakt på helg)
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har relevant helse-, sosialfagleg- eller pedagogisk utdanning på bachelornivå. Sjukepleiar/vernepleiar med medisinfagleg kompetanse, er å føretrekke, men ikkje eit krav. Du har kjennskap og erfaring frå helse og omsorgstenestelova kap.9 er også ønskjeleg.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskap og vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig