Vi søkjer to klinikkleiarar
Askøy og Øygarden tannklinikkar
Blombakkane 77, 5354 Straume
Om jobben
Stillingstittel
Klinikkleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. september
Klinikkane er moderne utstyrt, og har flotte lokaler med høvevis 11 og 13 behandlingsrom. Det er gode fagmiljø med hyggjelege kolleger.
Askøy tannklinikk har 20 tilsette og er lokalisert på Kleppestø senter, som ligg sentralt på Askøy like ved Kleppestø kai og bussterminal. Det er kort reiseveg frå Bergen sentrum. Det går passasjerbåt mellom Kleppestø kai og Strandkaien i Bergen sentrum.
Øygarden tannklinikk har 29 tilsette og er lokalisert ved det lokalmedisinske senteret på Straume,
rett i nærleiken av Sartor storsenter.
Arbeidsoppgåver
- Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og føl målsetnadane til Vestland
Tannhelseteneste - Syte for at klinikkområdet gjev tilbod med høg fagleg kvalitet og god service til pasientar
- Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette med fagleg utvikling og god medverknad
- Personalleiing
- Økonomistyring
Som klinikkleiar vil du vere ein del av områdeleiar si leiargruppe, og det er forventa at du aktivt deltar i strategi- og utviklingsprosessar for Sentrum tannhelseområde
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant utdanning innan helsefag.
- gode språkkunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg ( søknaden må vere på norsk).
- ha godkjend politiattest.
Det er ønskjeleg at du har:
- utdanning frå tannhelsefagleg retning.
- kjennskap og erfaring frå offentleg tannhelseteneste.
- erfaring frå drift, leiing eller klinisk arbeid frå anna helseteneste.
- leiarutdanning ( manglar du dette, tilbyr vi deg videreutdanning).
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- gjennom god leiing etablerer tillit og skapar samhald
- byggjer eit sterkt fagleg fellesskap og ein verdibasert kultur, og som heile tida søkjer vidare utvikling
- har gode kommunikasjonsevner
- har god gjennomføringsevne
- opptrer tydeleg som arbeidsgjevar og gjennomfører administrative vedtak
- har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartar
Vi tilbyr
- ei spennande og variert leiarstilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid i områdeleiar si leiargruppe
- løn etter avtale
- gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Kompetent, open og modig er dei grunnleggande verdiane i Vestland Fylkeskommune, og skal vere
grunnlag for all leiing.
Kontaktinformasjon
Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen, områdeleiar tannhelse, 92887298Arbeidsstad
Blombakkane 775354 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4974859656
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen
områdeleiar tannhelse
92887298
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
75b1e308-c5d1-434b-a1e6-50302ddce8aa
- Hentet fra
talentech
- Referanse
688691eaaa17476f82c3190175a38fec