Stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i barnehagane i Skjåk
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider
Oppstart
11. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Skjåk kommune har ledig fleire stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i barnehagen frå 11. august 2025.
Barne- og ungdomsarbeidar i barnehagane i Skjåk
Det er spennande tider i barnehagane i Skjåk. Bygginga av ny barnehage i Bismo startar hausten 2025, og midlertidig barnehage skal driftast på Skjåkheimen i byggeperioden. Hausten 2026 er målet at barnehageavdelingane Holemork og Bismo saman skal flytte inn i nye lokale med fem avdelingar. Barnehageåret 2025/2026 vil det bli jobba mykje med kva som skal kjenneteikne pedagogikken og drifta i den nye barnehagen. Dette er eit arbeid også Dønfoss barnehage vil vere med inn i. Dønfoss naturbarnehage er ein to-avdelingsbarnehage med naturen som ein stor del av kvardagen.
Ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i barnehagen.
-
100 % vikarstilling frå 11. august 2025 til 9. august 2026
-
50 % vikarstilling frå 11. august 2025 til 31. desember 2025
-
60 % vikarstilling frå 11. august 2025 til 31. desember 2025
-
Fleire vikarstillingar i ulike stillingsstorleikar kan bli ledige
Kvalifikasjonar
· Erfaring frå arbeid med barn vil bli vektlagt
Vi vektlegg at du
-
har gode samhandlingsevner
-
er raus og tydeleg og deltek aktivt i barnehagen sin kvardag
-
tek sjølvstendig initiativ til aktivitet med barnet i sentrum
-
er fleksibel i høve til omstillingar
-
er ein person med evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
-
er ein person med interesse for fag og fagutvikling
-
har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
-
har god kjennskap til bruk av IKT
Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje.
Vi tilbyr-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
-
Pensjonsordning
Spørsmål om stillinga kan rettast til styrar Heidi Jevnheim, telefon 901 93 957
Søknadsfrist 25. mai 2025- Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.
Kommunedirektøren
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2946114
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
75a714e9-ae60-457e-94e6-85fcf3c59814