Vil du vere med og utvikle framtidas prosessanlegg? Vi søker maskiningeniør.
Engebø Rutile and Garnet
Engebø, 6817 Naustdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Maskiningeniør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Vil du vere med og sikre stabil drift og utvikling av eit framtidsretta prosessanlegg?
Vi styrkar organisasjonen vår og søker ein engasjert maskiningeniør til prosessanlegget vårt på Engebø. Som ein del av ingeniørteamet vårt vil du ha ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av vedlikehald, samt bidra til kontinuerleg forbetring av anlegget. Dette er ein spennande moglegheit for deg som ønsker å kombinere teknisk kompetanse med praktisk problemløysing i ein industri med høge krav til kvalitet og tryggleik. Stillinga inneberer arbeid på dagtid.
-
HMS og risikovurdering knytt til drift og vedlikehald av anlegget
-
Planlegge og gjennomføre oppgraderingar i anlegget
-
Etablere, utvikle og følge opp vedlikehaldsplanar, system og standard praksis
-
Bidra til kontinuerlig forbetring og sikre måloppnåing for produksjon
-
Samarbeid og koordinering i tverrfaglege team, der samhandling er avgjerande for å nå felles mål
-
Ingeniørutdanning eller teknisk fagskule innan maskintekniske fag
-
Fagbrev og praksis innanfor teknisk og industriell produksjon er ønskjeleg
-
Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
-
Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
-
Strukturert og nøyaktig
-
Løysingsorientert
-
Gode analytiske eigenskapar
-
Gode samarbeidsevner og koordinering i tverrfaglege team
-
Ein spennande og framtidsretta arbeidsplass med høg fagleg standard
-
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit moderne prosessanlegg
-
Moglegheit til å påverke og bidra til kontinuerleg forbetring og utvikling
-
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
-
Konkurransedyktige vilkår og gode ordninga
Vurdering av søknadar og tilsetting vert gjort fortløpnade, så det er ingen grunn til å avvente med å søke. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Om bedriften
Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
759ade21-94ce-432e-b3ba-39fafc6aef60
- Sist endret
2. januar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
442869324
Lignende annonser
Elektrikar/Automatikar
Arbeidsgiver
Engebø Rutile and Garnet AS
Sted
Naustdal
Arbeidsgiver
The Norwegian Ship Design Company AS
Sted
Førde
Byggdriftsansvarleg
Arbeidsgiver
Steinvik Gruppa
Sted
Eikefjord, Askvoll, Bremanger