Hopp til innhold

System- og applikasjonsforvaltar

Arbeidsgiver

IKT Systemdrift, Vestland fylkeskommune

Sted

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Om jobben

Stillingstittel
System- og applikasjonsforvaltar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 20. september

Vil du jobbe tett på sentrale digitale system – og vere med på å sikre at dei fungerer når det verkeleg gjeld?

Vestland fylkeskommune har eit stort og variert IKT-miljø med digitale tenester som kvar dag skal fungere for over 32 000 brukarar. No ser vi etter ein system- og applikasjonsforvaltar som vil vere med og sikre stabile, trygge og framtidsretta løysingar for heile fylkeskommunen.

Ei viktig oppgåve blir også å bidra i fylkeskommunen si kontrolltelling ved stortings- og fylkestingsval, der du får eit ansvar inn i koordinering av tekniske løysingar som klientar, skannarar, nettverk, brannmur, brukarar etc., med høgt fokus på IKT-sikkerheit.

Seksjon IKT har ansvar for all IKT i Vestland fylkeskommune. Vi er om lag 80 medarbeidarar og rundt 40 lærlingar, og arbeider tett saman på tvers av faggrupper og fagteam for å sikre robuste, trygge og framtidsretta løysingar for om våre brukarar.

Du treng ikkje kunne alt. Dersom noko av det vi skildrar treff deg, og du har lyst til å lære og utvikle deg vidare, vil vi gjerne høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

Som system- og applikasjonsforvaltar vil du mellom anna:

  • jobbe tett på sentrale system, applikasjonar og fellestenester i samarbeid med leverandørar og produkteigarar
  • drifte og forvalte sentrale printløysingar
  • ansvar inn i  den tekniske koordineringa av fylkeskommunen si kontrolltelling ved stortings- og fylkestingsval
  • arbeide med identitets- og brukarforvaltning i eit stort og komplekst miljø, mellom anna med FINT (Felles Fylkeskommunale INTegrasjonar) som integrasjonsnav
  • bidra i innføring, vidareutvikling og utfasing av system
  • sjå etter moglegheiter for automatisering og effektivisering
  • 2-linje support ved behov

Arbeidskvardagen vil vere variert, med både dagleg drift og oppgåver knytt til utvikling og forbetring av tenestene våre.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har teknisk forståing, interesse for systemforvaltning og lyst til å ta ansvar for viktige digitale tenester.
Du har:

  • Fagbrev i IKT-fag eller høgare
  • Og har gjerne:

    • erfaring med printløysingar frå større driftsmiljø eller liknande
    • erfaring med drift og forvaltning av applikasjonar- /systemer både OnPrem og i Skyløsninger.
    • erfaring med identitets- og brukarhandtering i store miljø
    • erfaring med automatisering og skripting, til dømes i PowerShell
    • kjennskap til Infrastructure as Code (IaC), versjonskontroll, CI/CD-pipelines og moderne DevOps-prinsipp
    • Det er ein fordel om du har erfaring med koordinering av tekniske løysingar i større settinger, der det er høge krav til stabilitet og sikkerheit.

    Erfaring med valrelaterte system er interessant, men ikkje eit krav.

    Vi forventar ikkje at du kan alt. Det viktigaste er at du har god teknisk forståing, er nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg vidare.

    Personlege eigenskapar

    Vi er på jakt etter deg som:

    • er strukturert og likar å ha oversikt
    • tek ansvar og følgjer opp oppgåver heilt i mål
    • er løysingsorientert og ser moglegheiter for forbetring
    • trivst med å jobbe sjølvstendig, men også godt saman med andre
    • kommuniserer godt med både tekniske og ikkje-tekniske kollegaer
    • håndterer stressituasjoner greit og held roen når det oppstår feil eller uventa situasjonar
    • ønskjer å dele kompetanse og lære av andre
    • har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

    Vi tek arbeidet vårt på alvor, men ikkje oss sjølve for høgtideleg. For oss er humor, godt humør og det å ha det kjekt på jobb ein viktig del av kvardagen.

    Vi tilbyr

    Hos oss får du:

    • eit stort og kompetent IKT-miljø med dyktige og engasjerte kollegaer
    • ei sentral rolle i drift og forvaltning av digitale tenester for over 32 000 brukarar
    • varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver
    • moglegheit til å jobbe med både teknologi, drift, forvaltning og utvikling
    • gode moglegheiter for fagleg utvikling
    • gode pensjons- og forsikringsordningar
    • løn etter avtale
    • fleksibel arbeidstid og heimekontor etter gjeldande avtale i VLFK
    • arbeidsstad i Leikanger

    Vi ønskjer at medarbeidarane våre skal utvikle seg i jobben. Derfor legg vi til rette for intern opplæring, kurs, seminar og kunnskapsdeling på tvers av fagmiljøa.

    Seksjon IKT har høg trivsel, og vi legg vekt på både fagleg og sosialt fellesskap. Vi har mellom anna ein eigen Teams-kanal der medarbeidarane kan ta initiativ til sosiale aktivitetar som padeltennis, fjellturar, dart og spelekveldar.

    Vi har også årlege samlingar for heile seksjonen, i tillegg til eigne samlingar i faggruppene.

    Vil du vere med og sikre at sentrale digitale system fungerer – både i kvardagen og når det verkeleg gjeld? Då gler vi oss til å høyre frå deg!

    Kontaktinformasjon

    Øyvind Daae Johansen, leiar, 91730197

    Arbeidsstad

    Askedalen 2
    6863 Leikanger

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

    Referansenr.: 5176195301
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 20.09.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Øyvind Daae Johansen

    leiar

    91730197

    Om bedriften

    Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

    Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

    Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    7590b914-69a0-474c-a068-ff663734820c

    Sist endret

    4. september 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    ea6706d507a04c19b8d949ddb8ec0474

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser