Informasjonssikkerheit - spesialkonsulent / rådgjevar
IDI - Sikkerheit og støttetenester, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen, Askedalen 2, 6863 Leikanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Informasjonssikkerheit - spesialkonsulent / rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. september
Arbeidsoppgåver
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere å:
- støtte leiarar, systemeigarar, tenesteeigarar, prosjekt og fagmiljø i spørsmål knytte til informasjonstryggleik
- planlegge og fasilitere risiko- og sårbarheitsvurderingar og andre tryggleiksvurderingar, og hjelpe organisasjonen med å identifisere risiko og relevante tiltak
- bidra til at krav til informasjonstryggleik vert forstått og ivareteke ved anskaffing, innføring og endring av system, tenester og arbeidsprosessar
- følgje opp risiko, avvik og tryggingstiltak ute i organisasjonen, og bidra til at desse vert handterte av ansvarleg eigar
- bistå CISO i det praktiske arbeidet med å forvalte, vidareutvikle og følgje opp styringssystemet for informasjonstryggleik (ISMS)
- bidra til å omsetje krav frå regelverk, standardar og interne styrande dokument til praktisk tryggleiksarbeid i organisasjonen
- bidra i planlegging og gjennomføring av opplæring, medvitsgjeringsaktivitetar og tiltak som styrkjer tryggingskulturen
- bistå CISO med analysar, avgjerdsgrunnlag og oppfølging av prioriterte tryggleiksområde, og samarbeide med relevante fagmiljø innan mellom anna IKT-tryggleik, personvern, beredskap, internkontroll og verksemdsstyring
- øvrige oppgåver knytt til eininga sine ansvarsområde
Rolla er ikkje primært teknisk, men du må vere interessert i teknologi og kunne forstå tekniske problemstillingar godt nok til å vurdere risiko og samarbeide med tekniske fagmiljø.
Arbeidsoppgåvene vil utvikle seg i takt med kompetansen din, organisasjonen sitt behov, risikobiletet og endringar i teknologi og regelverk.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har relevant høgare utdanning, til dømes innan informasjonstryggleik, risikostyring, samfunnstryggleik, IKT eller juss.
Relevant erfaring eller annan dokumentert kompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning.
Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du har eit godt fagleg grunnlag, interesse for informasjonstryggleik og motivasjon for å utvikle deg vidare.
Vi ønskjer at du har:
- grunnleggjande forståing for informasjonstryggleik og risikostyring
- interesse for styring, internkontroll, risiko og etterleving
- evne til å setje deg inn i regelverk, krav og komplekse problemstillingar
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- evne og motivasjon til å lære nye fagområde og utvikle eigen kompetanse
Det er ein fordel om du har kjennskap til risiko- og sårbarheitsvurderingar, styringssystem for informasjonstryggleik eller relevante standardar som ISO/IEC 27001. Erfaring frå offentleg forvalting eller større organisasjonar er også positivt, men ikkje eit krav.
Det er positivt om du har relevante sertifiseringar innan informasjonstryggleik. Døme på relevante sertifiseringar: - ISO/IEC 27001 Foundation eller tilsvarande sertifisering
- ISC2 Certified in Cybersecurity (CC)
- CompTIA Security+ eller tilsvarande grunnleggjande tryggleikssertifisering
- relevant sertifisering innan personvern
- andre relevante sertifiseringar innan informasjonstryggleik, risikostyring eller GRC
Lista er ikkje uttømmande, og sertifisering er ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og utviklingspotensial.
For å lukkast i rolla trur vi at du:
- evnar å sjå heilskapen, gjere gode vurderingar og forstå informasjonstryggleik i samanheng med verksemda sine mål, behov, arbeidsprosessar og risiko
- er analytisk og nysgjerrig, og likar å setje deg inn i nye og komplekse problemstillingar
- evnar å gjere komplekse problemstillingar forståelege og omsetje dei til praktiske råd og tiltak
- kommuniserer godt med både tekniske og ikkje-tekniske fagmiljø
- byggjer gode relasjonar og evnar å samarbeide på tvers av fagområde og organisatoriske nivå
- tør å stille spørsmål, utfordre konstruktivt og samstundes vere løysingsorientert
- arbeider strukturert og sjølvstendig og tek ansvar for eiga læring og utvikling
Vi ser etter ein person med eit godt fagleg grunnlag, godt skjønn, nysgjerrigheit og motivasjon til å utvikle seg vidare i rolla.
Du vil få tett fagleg oppfølging og arbeide nært med CISO, samstundes som du gradvis får meir sjølvstendig ansvar for oppgåver ute i organisasjonen.
Ein viktig del av rolla er å hjelpe linja med å forstå og handtere sin eigen risiko. Du skal derfor støtte, rettleie og utfordre organisasjonen, utan å overta eigarskapet til risikoen.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- stillingsnemning konsulent, spesialkonsulent eller rådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring
- løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar
- fleksibel arbeidstid
- heimekontor etter gjeldande avtale i VLFK
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontorstad Vestlandshuset i Bergen eller fylkeshuset på Leikanger.
Leikanger ligg i Sogndal kommune, som er omfatta av den nye ordninga for sletting av kr. 25.000 av studielånet pr. år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Kontaktinformasjon
Anthony Khoa Le, CISO, +47 91247427Svein Helge Steinsåker, seksjonsleiar, +47 90895078
Arbeidsstad
Askedalen 26863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5170981212
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Svein Helge Steinsåker
seksjonsleiar
+47 90895078
Anthony Khoa Le
CISO
+47 91247427
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ae89bdea-2de0-4eb2-8be9-d819a8490d08
- Sist endret
28. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1a3ddf7a128c46fea23489ca81d451c0