Vokalpedagog og dansepedagog vikariat
Osterøy kommune
Rambergsvegen 219, 5282 Lonevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vokalpedagog og dansepedagog vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 4. juli
Om stillinga
Me har no ledig 36 % stilling på Osterøy Kulturskule frå haustsemesteret 2025. 25 % av stillinga er vikariat som dansepedagog i perioden 01.08.25 - 31.12.25. 11 % er vikariat som songpedagog i perioden 01.08.25 - 31.07.26.
Du kan søkje på heile eller delar av stillinga, spesifiser i så fall i søknaden kva del av stillinga du ynskjer å søkje på.
Arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Ein kreativ arbeidsplass.
- Fagsterke og dedikerte kollegaer.
- Flotte undervisningsrammer i gode lokaler.
- Løn etter tariff.
Kvalifikasjonskrav
- Du må beherska det du skal undervise i på eit tilfredsstillande nivå.
- Ynskjeleg med formell utdanning og pedagogikk innan fagområdet du skal undervise i.
- Dokumentert realkompetanse kan vurderast for arbeid i kulturskule.
- Sjangerbreidde er ynskjeleg.
- Det vert stilt krav om gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg. Minimum B2 nivå.
- Det er ynskjeleg med god kjennskap til bruk av digitale plattformar.
- Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram før oppstart. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
Personlege eigenskapar:
- Du har god pedagogisk tilnærming i undervisninga, og er i stand til å reflektera over eigen pedagogisk praksis.
- Du er strukturert og metodisk i arbeidet ditt.
- Det vert forutsett at du kan kommunisera med barn og unge.
- Du er vant med å jobbe sjølvstendig, samtidig trivast du i samarbeid med andre og kan vera ein god bidragsytar i å sikra at framsyningar og prosjekt vert gjennomført på ein god måte.
- Du er positiv i møte med elevar, foreldre og kollegaer, og har evne til å skape tryggleik og trivsel på arbeidsplassen.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kulturskule er ein del av Osterøy ressurssenter for kultur og språk. Osterøy kulturskule tilbyr undervisning i musikk, dans, drama, media og visuell kunst.
Me er 9 dedikerte pedagogar med ulik stillingsstorleik som alle arbeider for å skapa ein trygg og inkluderande kulturskule der alle vert sett, høyrd og får utfalde seg innanfor trygge rammer. Undervisninga skjer i hovudsak etter skuletid, og me har desentralisert nokre fag til nærskulane i kommunen.
Hovudbase for kulturskulen ligg i kommunesenteret Lonevåg. Her har me gode lokalar med profesjonelt studio, dansesal, mediarom og gode undervisningsrom. Størsteparten av undervisninga vil skje her. Det er om lag 200 elevar som går på kulturskulen.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
758d7fad-2815-489b-816e-cf8c319ff6b4
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10254905