Avdelingsleiar, Open omsorg
Helse og omsorg, Bygland Kommune
Prestlidi 68, 4745 Bygland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar, Open omsrog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Vil du vere med på å utvikle framtidas heimebaserte tenester i Bygland kommune? Me treng deg som har leiarerfaring og som framleis er svolten på nye utfordringar. Har du stor arbeidskapasitet og trivst med travle arbeidsdagar? Det er viktig at du er flink med folk og har evne til å rettleia, setja grenser og gjera medarbeidarane dine gode. Fordi me er opptekne av å stadig forbetra og utvikla tenesta, må du vera positiv til endringar, og dessutan ha ei god
gjennomføringsevne.
Vi har no ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar i open omsorg frå 13.10.2025.eller etter avtale. Vår nye medarbeider vert
ein del av leiarteamet i helse og omsorg. Helse- og omsorgstenesta i Bygland kommune har om lag 50 årsverk. Eininga omfattar mange ulike
fagområde som sjukeheim, heimebaserte tenester (open omsorg) habiliteringstenesta, helsestasjon, jordmor, flyktningteneste, psykisk helse og rus. Tenesta har eit leiarteam beståande av kommulasjef, 3 avdelingsleiarar og 1 rådgjevar. Leiarteamet arbeider tett saman på tvers av avdelingane.
Vi har fokus på å arbeide for ein heiltidskultur der alle skal ha ei løn dei kan leve av. Vi har nyleg hatt ei medarbeiderundersøkjing der 94 % av dei tilsette har svart at dei bryr seg om kvarandre og over 90 % har svart at arbeidet betyr noko spesielt for dei og at det «ikkje berre er ein jobb». Helse og omsorgstenesta i Bygland er i utvikling og vi skal tilpasse oss morgondagens tenestebehov. Vi satsar på systematisk fagutvikling, meistring, velferdsteknologi og tillitsbasert leiing. Open omsorg gjev heimehjelps- og helsetenester til heimebuande brukarar med varierande tenestebehov.. Avdelinga har omlag 10 årsverk, og gjev tenester til omlag 50 brukarar. Basen er tilknytt
Byglandsheimen.
Vi ønskjer å fokusere på kombinasjonen "varme hender" og velferdsteknologi slik at folk skal kunne bu der dei har lyst, lengst mogleg. Kommunen er ein del av innovasjonspartnerskapet i Agder som utvikler tenester der målet er at brukarar skal oppleve tryggleik og saumlause tenester i eigen heim og på institusjon. Avdelingsleiar open omsorg vil vere sentral i å utvikle dette tilbodet saman med resten av eininga.
Me tilbyr
- Ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- Mentorordning og opplæring, kurs, samt moglighet for etterutdanning
- Medlemsskap i KLP
- Konkurransedyktig lønn.
- Me kan i tilegg tilby å dekke kostnad på flytting til Bygland og nybygd moderne pendlarbolig for ein
tidsbegrensa periode
Før tilsetjing må det framleggjast gyldig politiattest eldre enn 3 måndader, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgaver
- Avdelingsleiar har hovudansvar for brukarar, samt dagleg oppfølging av økonomi, personale og fag.
- Rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg.
- Turnusplanlegging.
- Sakshandsaming og medikamenthandtering i samsvar med lover og forskrifter.
- Drive opplæring og rettleiing av tilsette.
- Samarbeide med brukarar , pårørande og friviljuge.
- Samhandling på tvers av avdelingar for å sikre eit heilhetleg pasientforløp.
- Arbeide med kvalitetsforbetring.
- Vere ein pådrivar for utviklings- og endringsprosessar.
Kvalifikasjoner
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Leiarerfaring.
- Erfaring med turnusplanlegging.
- God økonomiforståelse.
- Gode digitale ferdighetar.
- Må beherske norsk både munnleg og skriftleg.
Ønskelige kvalifikasjoner
- Vidareutdanning innan ledelse.
- Det er ein fordel med kjennskap til Visma Profil EPJ, Visma Flyt Ressursstyring og Xledger
økonomi og lønssystem.
Personlige egenskaper
- Ein tydeleg leiarstil.
- Løysingsorientert med evne til å tenke nytt.
- Evne og vilje til endring og evne til å motivere og skape fagleg engasjement.
- Gode samarbeidsevner.
- Stor arbeidskapasitet.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kontaktinformasjon
Leif Sigurd Helle, Kommunalsjef Helse og omsorg, +47 950 52 813, leif.sigurd.helle@bygland.kommune.noArbeidssted
Prestlidi 684745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 5004887984
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
756c7305-997c-48d2-8e9d-c35bac22b81a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6e5e77c6d2d14defa9d6590860e1b120