Fagperson innan helse og sosial- pedagogikk
Familieambulatoriet poliklinikk - Haugesund sjukehus
Karmsundgata 77, 5531 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagperson med høgskuleutdanning
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vere med og gjere ein forskjell for både små og store – heilt frå starten av livet?
I Familieambulatoriet på Haugesund sjukehus jobbar vi for å gi god støtte til gravide og småbarnsfamiliar som står i ekstra krevjande livssituasjonar. No ser vi etter ein ny kollega som vil vere med oss i dette viktige arbeidet – i eit vikariat på eitt år.
Hos oss møter du eit tverrfagleg team med stort engasjement og fagleg tyngde – og ikkje minst: kollegaer som ser kvarandre, løftar kvarandre og har det fint saman på jobb.
Vi gir eit lågterskeltilbod til familiar der ein eller begge foreldre har utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Vi følgjer familien frå graviditet og heilt til barnet er seks år – og vi er med på å koordinere hjelpa som trengst i kommune- og spesialisttenesta. Det må påreknast noko ambulant verksemd.
Du blir ein del av ein inkluderande arbeidskvardag med relasjonsbygging, familie- og nettverksarbeid, og rom for fagleg utvikling.
Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.👉 Her kan du lese meir om Familieambulatoriet
Kva går jobben ut på?
- Følgje opp den gravide, barn og familiar koordinert med ulike samarbeidspartnerar
- Medverkande i gjennomføring av barneundersøkelser i samarbeid med lege og psykolog
- Kontakt med aktuelle instansar rundt familiene
- Bidra fagleg gjennom undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i Familieambulatoriet si utvikling internt og via fagnettverket.
- Teamarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Fagperson med høgskoleutdanning innan fagfeltene helse/sosial/pedagogikk
- Det er ønskeleg med vidareutdanning innan eit eller fleire av områda: samspill/tilknyting, psykisk helse og rus, familierettleiing
- Kompetanse og erfaring med kartlegging og oppfølgingarbeid innan svangerskap, familie, barn og psykisk helse og rus
- Kompetanse og erfaring i arbeid med sped- og småbarn si psykiske helse
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid på tvers av avdelingar og mellom føretak og kommunar.
- Rettleiingskompetanse/erfaring
- Må beherske norsk muntleg og skriftleg
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- Har godt lag med folk og er oppteken av god pasientbehandling
- Har gode kommunikasjonsevnar
- Likar å arbeide i team og har gode samarbeidsevner
- Er fleksibel, løysingsorientert og tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
- Jobbar godt på eiga hand og held oversikt over arbeidsoppgåvene
- Har fagleg engasjement og høg fagkompetanse
Personlege eigenskaper vil bli vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
- Arbeid i tverrfaglege team.
- Fagleg rettleiing.
- Moglegheit for kompetanseheving.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
- Ein dagstilling.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kjersti Nygaard Bårdsen, Funksjonsleiar, 92401746, kjersti.rikke.nygaard.bardsen@helse-fonna.noAnne Margrethe Øritzland, Avdelingsleiar - barn, 91875039, anne.margrethe.oritzland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 775531 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4972634890
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 15.06.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
756c4972-2a08-4d71-839f-5154fdc36000
- Hentet fra
talentech
- Referanse
22c6a15e08b54af9941cf917d63b8df0