Helsefagarbeidar 100% stilling
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Kyrkjevegen, 6230 Sykkylven, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 100% stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette stillinga for deg!
Avdeling Klokkerhaugen bustader har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar i p.t langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg. Vi søkjer primært etter helsefagarbeidar, eller du kan vere utdanning som helsefagarbeidar. Andre med utdanning i helse -og sosialfag kan og søkje. Personleg eignaheit vert vektlagd.
Stillinga er ledig frå dags dato.
Eining Bu- og Rehabilitering yt tillegg til butenester til vaksne, barne og avlastningstenester til born og unge, dagsenter og avdeling for psykisk helse -og rus.
Arbeidsoppgåver
- Ivaretaking og oppfølging av tenestemottakarane i samsvar med gjeldande enkeltvedtak
- Helsefagleg oppfølging og miljøarbeid
- Bidra til fagleg kvalitet tråd med faglege og etiske retningsliner
- Arbeidsoppgåver delegert frå næraste leiar
- Dokumentasjon i EPJ
- Forefallande arbeid
- Legemiddelhandtering kan verte aktuelt
- Kontakt med pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Primær- og/eller sekundærkontaktarbeid
- Bruk av hjelpemiddel også velferdsteknologiske hjelpemiddel
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeider eller eventuelt anna relevant utdanning
- Erfaring frå arbeid med målgruppa er ein fordel
- Du evnar og har vilje til å sette deg inn i gjeldande lovverk for aktuelle område
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som har ei særleg interesse for å arbeide med menneske med ulike funksjonsvariasjonar
- Du er omsorgsfull og evnar å vere trygg og ansvarsfull
- Du må ha stå på vilje og kunne handtere utfordrande situasjonar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er aktiv bidragsytar til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Du kan arbeide godt sjølvstendig samtidig har du gode samarbeidsevner
- Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Du har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Du held deg fagleg oppdatert
- God datakunnskap
- Du er open, lojal og til å stole på
- God omstillingsevne
Vi tilbyr
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Varierte og spanane arbeidsoppgåver
- Høg tverrfagleg kompetanse i avdelinga
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Randi Lindvik Kvam, avdelingsleiar, 46865387, randi.lindvik.kvam@sykkylven.kommune.noLisbeth Vinjevoll Schei, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene
Arbeidsstad
Kyrkjevegen6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4937784196
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.03.2025
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2888689
- Hentet fra
talentech
- Referanse
917058453f984d2fa6dd514b86c93d26