Osterøy kommune søkjer ny leiar for PPT i Familiens hus
Osterøy kommune Familiens hus
Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
Om jobben
Stillingstittel
PPT Leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Osterøy PPT søkjer etter ny leiar for PPT. Leiar må pårekna oppgåver som PP-rådgjevar. Osterøy PPT arbeider førebyggande og nært med våre samarbeidspartnarar med fokus på inkludering. Vi er tett på barnehagar og skular, og har organisert oss som kontaktpersonar. Formålet med denne organiseringa er å komme tidleg inn for å kunne bidra til at kvaliteten på det ordinære tilbodet aukar. PPT er ein drøftingspartnar og samarbeider med skule, foreldre og elevane knytt til læringsmiljøet som gjeld tryggleik og trivsel på skulen.
Som døme er PPT oppteken av å delta i arbeidet med utvikling av gode barnehagemiljø, som fremjar eit inkluderande og stimulerande miljø kor alle barn skal oppleve å bli sett og inkludert i leik. Gjennom blant anna vårt sakkunnige arbeid ynskjer vi å bidra til å heve kvaliteten på det spesialpedagogiske tilbodet. Vår praksis er forskingsbasert og vi arbeider systematisk med kompetanse – og organisasjonsutvikling.
Kort om stillinga:Leiar PPT, 100% fast stilling frå snarast eller etter avtale. Arbeidsstaden er Familie- og omsorgssenteret.
PPT skal hjelpe barnehagar og skular i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling, for å legge til rette i opplæringa for barn og elever med særlege behov.
Som PPT leiar må du vera oppteken av barn og unges utviklingsmoglegheiter og korleis tilboda i barnehage og skule legg til rette for deira utvikling. Vi søkjer etter ein engasjert og resultatorientert leiar som saman med dyktige medarbeidarar og gjennom tverrfagleg samhandling, aktivt bidrar til at nasjonale og lokale føringar vert forankra og vidareført på Osterøy.
Arbeidsoppgåver:- Overordna ansvar for avdelinga, med personal, økonomi og fagansvar
- Deltakar i leiinga av Familiens hus som bidreg til å sikra raud tråd med kommunale satsningsområdar og arbeid i eigen eining og sektor.
- Deltaking i utviklingsarbeid i samarbeid med sektor for Oppvekst, undervisning og kultur.
- Rettleiing og rådgjeving til pedagogisk personale i barnehage, grunnskule og vaksenopplæring
- Kontaktperson til barnehage og skule
- Sakkunnige rapportar
- Utgreiingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid
Vi søkjer:
- Krav om relevant høgare utdanning og arbeidserfaring innan fagområdet ein skal leia.
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring frå liknande stilling
- Leiarerfaring frå endrings- og utviklingsarbeid vil verte vektlagt
- Utgreiingskompetanse
- Erfaring frå arbeid med elevar i barnehage og grunnskule
- Organisasjonskompetanse
- Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
- Du må ha førarkort og bruk av eigen bil i tenesta
Stillinga krev engasjement, samarbeidsevne, evne til teamarbeid og sjølvstendig arbeid. Det forventast god kjennskap til skule og barnehage, ei framoverlent tilnærming til arbeidet og stor interesse for fagleg utvikling i tråd med tenesta og kommunens visjon. Derfor har me lista opp ulike personlege eigenskapar vi vektlegg at søkjar må ha:
- Visjonær, målretta og beslutningsdyktig
- Resultatorientert
- Høg arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
- God mellommenneskelege ferdigheitar og ein leiarstil som pregast av tydeleg kommunikasjon.
- Relasjonsbyggar i eigen eining og i tverrfagleg samhandling med andre
- God organisasjonsforståing
- Påliteleg og ansvarsbevisst
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
- Arbeide kunnskaps- og forskingsbasert
Tverrfagleg og godt inkluderande arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Stillinga er ei leiarstilling som er unntatt arbeidstidsbestemmelsene. Me tilbyr 10 leiardagar som kompensasjon for å være unntatt arbeidstidsbestemmelsene.
Osterøy kommune er ei IA- bedrift
Anna informasjon:Familien hus er eit tverrfagleg kommunalt tilbod der du finn tenestene: PPT, Barn- og familieteamet, Helsestasjon og Barnevern.
Familiens hus er lagt til Sektor for oppvekst, undervisning og kultur. Målet med Familiens hus er styrking av tilbodet til barn, unge og familiar gjennom auka samhandling mellom tenester til målgruppa. Arbeidet i Familiens hus skal ha fokus på tidleg innsats
Osterøy kommune vil gjennomføre fortløpande intervju.Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2362474
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3182499_190707_nn