Vil du leie eit viktig tilbod for unge med rusutfordringar?
Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Asaldalveien 1, 4250 Kopervik, Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Funksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. juni
Då ventar ein spennande leiarjobb deg ved ungdomsposten vår på Karmøy!
Vi ser etter deg som har god oversikt, tek ansvar – og ser både menneska og arbeidsoppgåvene. Du som viser retning utan å peike, og får med seg folk gjennom tillit, dialog og tydelege forventingar. Du er trygg i rolla di, gir støtte når det trengst og rom for fagleg vekst. Du likar å jobbe tett saman med andre – og har lyst til å vere med og utvikle eit tilbod som betyr noko, både for pasientane og dei tilsette.
Hos oss får du leie eit tverrfagleg team og bidra til utviklinga av ei heilt ny spesialisert avdeling for rus og avhengigheit (TSB) i Helse Fonna.
Til hausten blir ungdomsposten del av den nyoppretta Avdeling for rus og avhengigheit (ARA). Som funksjonsleiar blir du med frå starten – og får moglegheit til å påverke både innhaldet i tilbodet og retninga for vidare utvikling.
👉 Søk no – og bli med på å forme eit tilbod som betyr noko!
Kva går jobben ut på?
Som leiar vil du:
- Ha ansvar for fagleg utvikling i tråd med nasjonale føringar
- Bidra til kvalitet og pasientsikkerheit
- Planlegge og legg til rette for kompetanseutvikling og internundervisning
- Helda kontakten med samarbeidspartnarar i kommune og spesialisthelseteneste
- Ha ansvar for rekruttering, bemanning og dagleg drift
- Sikra godt samarbeid med tillitsvalde og verneteneste
- Styra drifta innanfor vedtatt budsjett
- Delta i klinisk arbeid og er tett på fag og pasientar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som lege eller psykolog
- Relevant helse- og sosialfagleg utdanning
- Gjerne vidareutdanning innan fagfeltet
- Gjerne leiarerfaring frå rus og psykisk helse
- Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har oversikt og evne til å prioritere
- kommuniserer tydeleg og samarbeidande
- tek initiativ og fullfører det du set i gang
- er ein trygg leiar og kollega som står støtt i endring
- er nysgjerrig på fag og vil bidra til utvikling
- har eit blikk for både detaljar og heilskap
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Kvifor velje oss?
Hos oss får du:
- Vere med å utvikle eit heilt nytt tilbod for unge i ein viktig livsfase.
- Bli ein del av eit fagmiljø med høgt nivå, mykje engasjement og tett samarbeid.
- Delta i Helse Fonna sitt leiarutviklingsprogram.
- Støtte frå ei godt etablert forskingsavdeling
- Ein jobb der du faktisk kan gjere ein forskjell – kvar dag
Kontaktinformasjon
Håvard Wester Breistein, Avdelingsleiar, 93241877Janne Elise Tangjerd Lyngstad, Avdelingsleiar, 92253306
Arbeidsstad
Asaldalvegen 14250 Kopervik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4982061642
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Janne Elise Tangjerd Lyngstad
Avdelingsleiar
92253306
Håvard Wester Breistein
Avdelingsleiar
93241877
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
74df8a80-c759-4c07-a4ae-96968267b075
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5bf52622f657447eada21c1c38996717