Ferievikarar i bu- og miljøtenesta
Årdal kommune Bu og miljøtenesta
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. februar
Bu- og miljøtenesta treng ferievikarar sommaren 2025. Ferievikariatet gjeld for perioden 20.06.25 - 17.08.25, opplæring kan gjennomførast frå vinter-/påskeferie 2025, eller etter avtale. Arbeidet består i praktisk bistand og opplæring i bufellesskapa. Som ferieavløysar hjå oss skal du følgje brukaren i alle daglege gjeremål, gje rettleiing og omsorg.
Me ynskjer personar som har erfaring og/eller interesse for å arbeide med menneske med nedsett funksjonsevne.
Det er ulike turnusordningar i avdelingane. Nokre arbeider i kombinasjonsturnus med korte og lange vakter, medan andre arbeider lange vakter med utvida arbeidstid. Søkjarane bør helst vera over 18 år, da det er turnusarbeid.
Alle som skal arbeide hjå oss må ta kurset: "Dette må jeg kunne - gode tjenester til personer med utviklingshemming" før du startar opplæring.
I nokre av tiltaka er det ein fordel å ha førarkort i klasse B, skriv om du har førarkort.
Det er høve til å starte opplæring eller vera vikar, etter at søknadsfristen er ute.
Løn og tilsetjingsvilkår
Løn vert utbetalt etter kvalifikasjonar/utdanning/ praksis og HTA (Hovudtariffavtalen).
2 % vert trekt til tariff festa tenestepensjon.
Andre opplysningar
Søknader til stillingane vert vurdert fortløpande.
Søknadsfristen kan bli utvida.
Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg og du må pårekna å arbeide heile ferieperioden.
Politiattest vil bli krevd, jfr. Lov om helse- og omsorgstenester.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2805913
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3437015_229359_nn