Dekkssjef Gjermundshamn-Varalsøy-Årsnes
Maritim Drift, Fjord1 AS
5636 Varaldsøy, 5635 Hatlestrand, Fv48, 5474 Løfallstrand
Om jobben
- Stillingstittel
- Dekkssjef i sambandet Gjermundshamn-Årsnes, p.t. MF Lærdal
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 19. mai
Stillinga er per i dag knytt til teneste om bord på MF Lærdal, bygd i 1997. Fartøyet vart i 2019 oppgradert til hybridfartøy med batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Dette gir deg høve til å arbeide med moderne og miljøvennleg teknologi, og bidra aktivt til ei grønare framtid på sjøen.
Som dekkssjef vil du spele ei viktig rolle om bord, med ansvar for tryggleik og stabil drift av sambandet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving.
Arbeidsordninga er 12‑timars vakter med ei veke dag og ei veke natt, etterfølgd av to veker fri. Fjord1 tilbyr ein einebustad for mannskapet på kaien, berre få steg frå arbeidsplassen. I same område finn du òg matbutikk og treningsmoglegheiter, som gjer kvardagen enkel og praktisk i arbeidsperioden.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for sikker drift av skip, tydeleg og trygg leiar ovanfor mannskap.
- Ansvar for at fartøy driftast i henhald til styringssystem, lovar og forskrift.
- Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
- Andre oppgåver i samsvar med stillingsinstruks dekkssjef.
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Ferdighetssertifikat medisinsk behandling
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språk muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 2 veke på (1 veke dag og 1 veke natt), og 2 veker av.
- Bustad på kaien i arbeidsperioden.
- Treningsmoglegheiter og daglegvarebutikk i nærleiken av bustad.
- Gjennom velferden kan ein søke om å få refusjon for treningsutgifter.
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
5635 Hatlestrand
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5123764270
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
74aafb17-ae37-48ac-b835-3df72ef439a1
- Sist endret
4. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b661772244c54ff7a01bcb04241b87a2