Sjukepleiar
Kirurgisk sengepost SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest fredag 13. juni
Har du lyst til å vere ein del av eit sterkt fagmiljø i heilt nye omgjevnader? No har du moglegheita!
Vi søkjer etter sjukepleiarar ved kirurgisk avdeling ved det splitter nye akuttsjukehuset på Hjelset. Sjukehuset på Hjelset er ein del av Helse Møre og Romsdal og opna dørene våren 2025. Med topp moderne fasilitetar og pasientforløp i fokus, er vi stolte av å kunne tilby behandling og pleie i eit av landets mest moderne helsebygg. Kirurgisk avdeling har eit breitt spekter av kirurgiske pasientgrupper, og vi er opptekne av tverrfagleg samarbeid, kvalitet og fagleg utvikling.
Vi søkjer etter:
- 100 % fast stilling frå 01.09.25
- 100 % vikariat frå 01.09.25 t.o.m. 31.08.26
Vi søkjer engasjerte og fagleg trygge sjukepleiarar som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og sikre god pasientbehandling. Hos oss får du varierte arbeidsdagar med høg fagleg standard og gode moglegheiter for utvikling. Når det gjeld turnus har vi både langvakter med inntil 12,5 timars arbeidsdag med arbeid kvar 4. helg, samt vanlege vaktlengder med arbeid kvar 3. helg, dette tilrettelegg vi saman med deg! Dersom du ønskjer å bli ein del av ei stabil og triveleg arbeidsgruppe med sterkt fokus på samhandling og pasientsikkerheit, då er det berre å søkje!
Vi ber om at relevante attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV. Interne omrokkeringar kan gje andre ledige stillingsprosentar.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg sjukepleie og oppfølging av kirurgiske pasientar
- Medikamenthandtering og oppfølging etter kirurgi
- Tverrfagleg samarbeid med legar, fysioterapeutar, palliativt team og andre faggrupper
- Bidra til kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar ved tiltreding
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- Det er ønskjeleg med erfaring frå kirurgisk avdeling, men nyutdanna vert òg oppfordra til å søkje
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er:
- Sterkt motivert og løysingsorientert, med evne til å ta ansvar og initiativ til å sørgje for optimal pasientbehandling
- Strukturert og serviceinnstilt med gode samarbeidsevner
- Fleksibel og evner å jobbe i team og sjølvstendig
I tillegg er det ein sterk fordel om du er ein person med godt humør og drivkraft!
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Nordmøre og Romsdal!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Anders Nordvik Røstad, Seksjonsleiar, 97165121, anders.nordvik.rostad@helse-mr.noCharlotte Råmkes, Seksjonsleiar, +47 71121851, charlotte.ramkes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4975081554
Stillingsprosent: 100%
Vikariat, Fast
Søknadsfrist: 13.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted