Vil du gjere ein forskjell i unge menneske sine liv?
Rettleiar for ungdom - Nav Øygarden
Grønamyrvegen 18, 5353 Straume
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Oppstart
1. juni 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Nav Øygarden søker ein engasjert og relasjonssterk medarbeidar til ungdomsavdelinga vår! Hos oss får du moglegheit til å jobbe tett med ungdom i krevjande livssituasjonar – unge som treng støtte, tryggleik og nokon som trur på dei. Vi ser etter deg som brenn for ungdomsarbeid, som evner å bygge tillit og som trivast i ein hektisk arbeidskvardag. Saman jobbar vi målretta for å styrke unge i overgangen til utdanning og arbeid.
Nav Øygarden er lokalisert sentralt på Straume. Vi har om lag 90 tilsette som legg til rette for at Øygarden kommune sine innbyggjarar får saumlause og koordinerte teneste. Avdeling Ungdom har 16 tilsette som jobbar med å følge opp unge under 30 år. No har avdelinga eit ledig vikariat som rettleiar i 100 % stilling i perioden 01.06.2025 - 31.08.2026, med moglegheit for forlenging.
Hos oss vil du få spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåve knytt til eit viktig samfunnsoppdrag. Du vil få jobbe i eit engasjert og triveleg arbeidsmiljø med gode og fagleg dyktige kollegaer. I søknadsteksten ber vi deg seie noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Følge opp eigen portefølje med unge arbeidssøkarar som ein skal kartlegge, motivere og rettleie på vegen mot utdanning eller jobb
- Arbeidsretta og sosialfagleg oppfølging av unge mellom 16 - 30 år
- Tverrfagleg samarbeid i og utanfor Nav
- Dokumentering av oppfølginga og kontakten med samarbeidspartnarar
- Vere prosessrettleiar i gruppeoppfølging
- Andre oppgåve kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført utdanning tilsvarande bachelor, gjerne innan helse, sosial, pedagogikk eller samfunnsfag. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- god kjennskap til bruk av digitale verktøy i arbeidet.
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- erfaring med oppfølging av ungdom i utanforskap eller tilsvarande.
Det er ønskeleg at du har:
- kunnskap om og interesse for arbeidsmarknaden, opplæringsmoglegheiter og inkluderingsarbeid.
- kjennskap til Nav sine teneste.
Vi ser etter deg som
- er god på å bygge relasjonar, motivere og inspirere
- er strukturert, systematisk og effektiv.
- er robust og har evne til å jobbe tett på menneske som er i ein krevjande livssituasjon.
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida.
- Tilsetjing på statlege vilkår som rådgjevar med lønsspenn frå kr. 580.000 – 630.000 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Gode pensjonsordningar gjennom Statens pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2 %).
Kontaktinformasjon
Kari Mette Fedje, Avdelingsleiar, 93423727, kari.mette.fedje@nav.noArbeidsstad
Grønamyrvegen 185353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4960043743
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.06.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 18.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2930828
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c55e39f59e7a49efafdbabe283484448