Strategisk rådgivar maritim
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
6411 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Strategisk rådgivar maritim
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 29. mai
Vil du jobbe med strategisk rådgiving opp mot ferjetilbodet i Møre og Romsdal? Vi er det største ferjefylket i landet, målt i talet på køyretøy på ferjer, og vi ønsker å vere eit føregangsfylke innanfor maritim sektor.
Stillinga er plassert i kollektivavdelinga FRAM som er Møre og Romsdal si merkevare for kollektivtrafikk. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for 20 fylkesvegferjesamband og 4 hurtigbåtsamband, og det blir produsert om lag 20 millionar rutekilometer med buss kvart år.
I FRAM er det ledig fast stilling som strategisk rådgivar. Vi søker etter ein utviklingsorientert person og pådrivar, som skal vere med på å forme ferjetilbodet i Møre og Romsdal.
Stillinga kan ha kontorstad i Molde eller på Campus Kristiansund
Arbeidsoppgåver
strategisk planleggingutarbeide gode anbodsgrunnlag
gjennomføring av anbodsprosessar med rett kvalitet
bidra til innovasjon og utvikling av tilbodet i eksisterande kontraktar
leie prosessar og prosjekt internt i avdelinga og ovanfor operatørane og publikum
utarbeide saksframlegg for politisk behandling
analyse av data for prognoser og optimalisering av tilbod.
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning innan maritime fag, minimum bachelornivå, eksempelvis innan nautikk og logistikk.Relevant erfaring frå arbeidsoppgåvene i stillinga, og gjerne operativ maritim kompetanse
Gode analytiske evner
God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- er initiativrik og løysingsorientert- har stor arbeidskapasitet og er engasjert
- er god til å samarbeide med andre
- har evne til å arbeidet strukturert og sjølvstendig, og med god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- eit aktivt og engasjert fag- og arbeidsmiljø- ein arbeidsplass som legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Harald Harstad, Seksjonsleiar drift FRAM, 91396789, harald.harstad@mrfylke.noStig Helle-Tautra, Avdelingssjef Fram, 93404626
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4964749186
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Stig Helle-Tautra
Avdelingssjef Fram
93404626
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2940800
- Hentet fra
talentech
- Referanse
962f922e2f4249608410ecb831768ca1