Ringevikar Årås skule
Austrheim kommune
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Om jobben
- Stillingstittel
- Ringevikar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Om stillinga
Årås skule søkjer etter ein ringvikar som kan utføre assistent/fagarbeidaroppgåver.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av enkeltelevar og grupper av elevar.
Kvalifikasjonskrav
I utgangpunktet erfaring frå arbeid i skule, og det er ønskeleg med søkjarar som har fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar. Søkjarar med ein annan bakgrunn i høve til utdanning og yrkeserfaring er òg velkomne som søkjarar.
Kven ser vi etter?
Ein som er engasjert og trivst med å arbeide med barn og unge.
Ein som er fleksibel og god til å samarbeide med tilsette og elevar.
Me tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø.
- Løn etter tariff.
Heim til Austrheim
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
73f1c28e-32a4-43d4-bbb7-f5852786a59f
- Sist endret
22. oktober 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10313663