Einingsleiar for Indre Ryfylke PPT
Suldal kommune Indre ryfylke PPT
Eidsvegen 3, 4230 Sand, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 13. juni
Har du leiarerfaring og kompetanse innan oppvekst og spesialpedagogikk? Er du engasjert i utvikling av profesjonsfellesskap og organisasjonsutvikling? Då kan dette vere stillinga for deg!
Om stillinga
PP-tenesta i Sauda og Suldal er eit interkommunalt samarbeid med Suldal som vertskommune. Hovudkontoret ligg på Sand i Suldal, med avdelingskontor i Sauda. Tenesta har tett samarbeid med skular og barnehagar i begge kommunane, som til saman omfattar 9 barnehagar, 9 skular og vaksenopplæringa.
Som einingsleiar vil du ha ansvaret for budsjett, personal, tilsetjing og fagleg utvikling av tenesta, som består av 6,5 årsverk inkludert leiarstillinga. Du vil ha oppmøte på kontor på Sand og Sauda, Sand er hovudkontoret, men du skal ha tilstadesværelse i Sauda minst ein dag i veka.
Arbeidsoppgåver- Overordna leiing av PP-tenesta i Sauda og Suldal
- Budsjett- og personalansvar
- Fagleg ansvar for tilsette
- Deltaking på oppvekst sine utviklingsmøte i Suldal og Sauda
- Deltaking på leairfoum, og leiarmøte innan oppvekst i Suldal
- Deltaking i BTI-arbeid på leiarnivå i begge kommunane
- Leiing som hovudoppgåve, med noko sakshandsaming
Kvalifikasjonar
Me ser etter ein leiar med:
- Grunnskulelærar eller barnehagelærar med master, anna type vidareutdanning kan kompensere for master
- God leiardugleik og samarbeidsevne
- Høg arbeidskapasitet
- Erfaring frå oppvekstsektoren og spesialpedagogikk
- Tidlegare erfaring som leiar
- Fagleg kompetanse i sakshandsaming
Me tilbyr
PP-tenesta er eit framtidsretta kontor som ønskjer å arbeida smart og effektivt saman med skule og barnehage. Som leiar vil du ha ansvar for utvikling av profesjonsfellesskapet, med fast utviklingstid
Andre opplysningar
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du kontakte kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Svein Carlos Nilsen Gjil
Kommunalsjef oppvekst
+47 99078863
Om bedriften
Sektor
Offentlig