Konsulent - Engasjement - Vidare drift av og framtidig satsing på skisenter
Sysendalen Skisenter AS
Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent (forretningsutvikling)
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Engasjement, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Om stillinga:
Eidfjord kommune har ledig engasjement i høve vidare drift av og framtidig satsing på skisenter i Sysendalen i Eidfjord kommune.
Du skal arbeida aktivt for å skaffe framtidige drivarar og leggja til rette for at ein kan drifta skisenter frå sesongen 2026/2027, samt leggja grunnlag for ei framtidsretta organisering av driftsselskap.
Du vil vera organisert innunder Sysendalen Skisenter AS med styreleiar som hovudarbeidsgjevar. Styret i Sysendalen Skisenter AS vil verta styrka med fleire styremedlemmer i ein utviklingsfase.
Det er eit ynskje om snarleg oppstart med varigheit på inntil 12 månadar, ulike tilsetjingstilhøve og storleik kan vurderast.
Arbeidsoppgåver:
-
Aktivt arbeida med framtidig satsing på skisenter i Sysendalen
-
Arbeide for å få på plass framtidige drivarar av skisenter
-
Kartleggja interessentar, marknadsmoglegheiter og ha dialog med potensielle investorar
-
Dialog med grunneigarar, hyttefolk og innbyggjarar
-
Oversikt og avklara løyver for skisenterdrift og leggja til rette for at ein kan drifta skisenter vidare innanfor dagens løyver
-
Rapportera til og utføra arbeidsoppgåvene i dialog med styre i Sysendalen Skisenter AS, samt oppfylging gjennom jamlege statusmøte med styreleiar og rådmann
Ynskte kvalifikasjonar:
-
Erfaring frå prosessleiing, prosjekt eller utviklingsarbeid
-
Fordel med erfaring frå drift av alpinanlegg
-
Fordel med høgare utdanning innan økonomi, leiing, marknadsføring eller liknande, solid erfaring kan kompensera for formell utdanning
-
God munnleg og skriftleg framstillingsemne
-
Førarkort klasse B
-
Personlege kvalifikasjonar vektleggjast
Personlege eigenskapar:
-
Sjølvstendig og strukturert
-
Initiativrik og kreativ
-
Høg gjennomføringskapasitet
-
Gode formidlingsevner
-
Fleksibel
Me tilbyr:
-
Sentral rolle i vidare utvikling av Sysendalen
-
Fleksibel arbeidstid og stad
-
Behjelpeleg med innkvartering
-
Ulike tilsetjingstilhøve kan vurderast
Anna info
-
Tilsetjing og arbeidsavtale ved Sysendalen Skisenter AS
-
Arbeidsspråk er nynorsk
-
Arkivsak nr: 25/918
Kontaktperson for stillingen
Lars Kristian Eidnes
Styreleiar
99519901
Om bedriften
Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgitt av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen.
Kommunen har gjort vedtak i høve framtida til Sysendalen Skisenter AS der ein ynskjer ei aktiv drift av skisenter som i hovudsak skal eigast og drivast utan 100% kommunalt eigarskap i framtida.
Sysendalen Skisenter består av ein T-heis med tre nedfartar, eit tallerkentrekk med tilhøyrande barneområde og ei varmestove. T-heisen har ein kapasitet på 1200 personar i timen, er 760 meter lang og har ei fallhøgd på 210 meter.
Eit snøproduksjonsanlegg med 18 fastmonterte tårn er òg installert, i tillegg til fire mobile kanoner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
73a4f315-fe30-4ba9-88fe-5c5f6ae27c49
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
73a4f315-fe30-4ba9-88fe-5c5f6ae27c49