Helsesjukepleiar
Helsetjenester, Tokke kommune
Revahaugvegen 4, 3880 Dalen
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. august
Frå 1. september 2026 til 01.mai 2027 har Tokke kommune ledig vikariat i 100 % stilling som helsesjukepleiar. Sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring kan også søkje.
Er du helsesjukepleiar eller sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring, og har lyst på ein spanande og meiningsfull jobb? Då kan dette vere noko for deg!
Vikariatet kan bli forlenga eller gjort om til fast stilling på sikt. Arbeidet er knytt primært til skulehelseteneste, flyktninghelseteneste og reise-/sesongvaksinering. Arbeidstida er dagtid i fleksitidsordning, men ein må også rekne med noko kveldsarbeid.
Helsestasjonen har eit godt og engasjert fagmiljø, og du blir del av eit team med helsestasjonslege, helsesjukepleiarar, sekretær og jordmor (organisert via jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark).
Tenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysio- og ergoteapiteneste og psykisk helse og rus. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Tokke kommune har eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariff.
Arbeidsoppgåver
- Sikre gode tenester som tek i vare barn og unge sine fysiske, psykisk og sosiale behov
- Bidra til å ha eit godt samarbeid i laget rundt barn/ungdom/familie
- Utføre oppgåver innan dei nasjonalfaglege retningslinene innan helsestasjon- og skulehelseteneste
- Flyktninghelseteneste
- Reise-/ sesongvaksinering
Kvalifikasjonar
- Godkjent norsk autorisasjon som helsesjukepleiar eller sjukepleiar med relevant utdanning/arbeidserfaring
- Erfaring innan førebyggjande og helsefremjande arbeid er ein fordel
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeidet i ein arbeidskvardag
- Erfaring innan flyktninghelseteneste og med vaksinering er ein fordel
- Kurs i COS-P (foreldrestøtte) er eit ynskje
- Førarkort klasse B
- God norskspråkleg formidlingsevne skriftleg og munnleg er nødvendig
- Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil bli vektlagd
Personlege eigenskapar
- Er ein stabil og positiv kollega som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Kan samarbeide og kommunisere på ein måte som skapar trygge og gode relasjonar
- Er fleksibel, utvikling- og løysingsorientert
- Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert
Vi tilbyr
- Helsestasjonen har eit godt, fleksibelt og engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar
- Fleksitidsordning
- Kommunen hae eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Andre opplysningar:
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Referansar vil bli kontakta etter avtale.
Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg.
Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no.
Velkomen som søkjar!
Kontaktinformasjon
Evy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975Arbeidsstad
Revahaugvegen 43880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 5154810946
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 09.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Evy Katrin Aamlid
Avdelingsleiar
+47 41100975
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
73a36fcd-b3cb-486e-80de-f262fbfd4435
- Sist endret
9. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d8a6bdc98f7f451493a8b294cfd90770