Hopp til innhold

Lærarstilling ved Bokn skule

Arbeidsgiver

Bokn kommune Bokn skule

Sted

Boknatunvegen 37, 5561 Bokn

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Bokn kommune søkjer etter lærar inntil 100% stilling. Me har ledig vikariat fram til juli.

Me ønsker lærar som kan vere med å gi elevane ei framtidsretta opplæring i trygge og gode læringsmiljø. Elevane skal møte engasjerte lærarar som lyttar til dei og motiverer dei for læring.

Sjølv om me ønsker lærar i alle fag, så kan kompetanse i matematikk, norsk og engelsk vera ein fordel. Me har og behov for lærar med kompetanse i teiknspråk.

Det kan vera aktuelt med studentar og deltidsstillingar.

Viktige stikkord er: 

  • god klasseleiing
  • grunnleggande ferdigheiter i alle fag
  • digital utvikling
  • høg kvalitet i opplæringa
  • høgt læringsutbytte for elevane
  • aldersblanda grupper

Me har fokus på profesjonelle læringsfellesskap der me blant anna jobbar med skulemiljø og aldersblanding.

Skulen har også fokus på delingskultur og tverrfagleg samarbeid.

Personlege eigenskapar:
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • fleksibel og løysingsorientert
  • sjølvstendig og strukturert
  • gi og ta imot rettleiing
Me kan tilby:
  • Ein variert og spennande arbeidskvardag
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Generelle lønsplasseringar i samsvar med Hovudtariffavtalen

Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Bokn skule er med sine 25 tilsette og om lag 90 elevar ein svært viktig institusjon for lokalsamfunnet. Skulen dekkjer barne og ungdomstrinnet, har høgt fagleg fokus og jobbar systematisk for skape eit godt, trygt og framtidsretta skule og læringsmiljø der alle elevar får oppleva å høyre til i eit inkluderande fellesskap. Målet vårt er å utvikle engasjerte, motiverte og nysgjerrige elevar som tek aktivt del i si eiga læring. Skulen flytta på nyåret 2023 inn i eitt nytt, flott bygg med spennande spesialrom og gode store fellesareal. Skulen driv opplæring i aldersblanda grupper og har digitale læringsverktøy 1:1. Dei aldersblanda guppene har to kontaktlærarar som samarbeider om elevane og undervisninga. Bokn kommune samarbeider med andre kommunar på Haugalandet og deltek jamleg på felles nettverksmøter og fagsamlingar. Som tilsett på Bokn skule får du ei viktig rolle i arbeidet med å skape gode oppvekst – og læringsmiljø for våre elevar. Me søker deg som har eit inkluderande elevsyn, og som ser den enkelte elev.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

739f3c5a-c7b7-42e9-ab89-02f1277a6ce3

Sist endret

16. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3568565_241055_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser