Ingeniør kommunalteknikk
Fjord kommune
Primær Fylkesveg 650 81, 6250 Stordal
Om jobben
Stillingstittel
Ingeniør kommunalteknikk Fjord kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Fjord kommune skal styrke bygg- og kommunalteknisk avdeling med ein dyktig ingeniør. Stillinga sine arbeidsoppgåver er knytt til drift og investeringar innan dei kommunaltekniske fagområda i Fjord kommune. Arbeidet skal skje i samarbeid med leiar i bygg-og kommunalteknisk avdeling. Kandidaten får personleg og fagleg utvikling i eit miljø der kvar medarbeidar er ein viktig del av arbeidet som eininga utfører. Stillinga har kontorplass ved kommunehuset i Stordal.
Oppstart snarast eller etter avtale. Altuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar for veg, vatn, avløp, renovasjon og grøntareal
- Sakshandsaming og oppfølging av faga med tanke på drift, vedlikehald og nybygg
- Framlegging av veg- og trafikksaker til politisk/administrativ handsaming
- Prosjekt- og byggeleiing av ulike prosjekt knytt til veg, vatn og avløp
- Gjennomføre planlegging og gjennomføre anskaffelsesprosessar
- Ansvar for kommunale køyretøy
- Øvrige driftsoppgåver i nært samarbeid med driftsleiar
Den tilsette må berekne å delta som kommunen sin representant i faglige nettverk, i tillegg til å presentere sitt ansvarsområde i politiske møter, samt opptre i interne og eksterne samhandlingsfora. Stillinga vil til ein viss grad kunne tilpassast den enkelte søkjar sine kompetanseområder.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå innan kommunaltekniske fag.
- Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
- Relevant praksis frå arbeidsområdet
- God IT kompetanse med kjennskap til digitale verktøy
- God kjennskap til plan-og bygningslova og offentlege anskaffingar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og positiv innstilling
- Særs god norsk framstillingsevne både muntleg og skriftleg
- Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig
- Godt humør
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar i KLP
- Hjelp til å finne husvære og legg til rette for arbeid for partner
- Lønn etter avtale
- Kommunen legg til rette for fagleg utvikling og etter-/ vidareutdanning.
Kontaktinformasjon
Trond Alstadsæter, Kommunalsjef teknisk, landbruk og miljø, 99711252, Trond.Alstadsaeter@fjord.kommune.noArbeidsstad
Primær Fylkesveg 650 816250 Stordal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommuneReferansenr.: 4729667917
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2023
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2484835
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9283916958fa40febc790a26473bfd7f