ID 2340 Avdelingsleiar Knutsaåsen omsorgssenter avdeling 2 og natt
Stord Kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingssykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. juli
På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen. Me har frå snarast ledig fast 100% stilling for avdelingssjukepleiar ved Knutsaåsen omsorgssenter.
Har du interesse av å jobbe som leiar i ein spanande demensavdeling? Avdelinga har 20 pasientar, fordelt på to grupper. Knutsaåsen jobbar med prosessar som ny ansvar- og oppgåvedeling i regi av TØRN. Me jobbar også med ny arbeidstidsordning og oppstart av årsturnus i desember 2025. Du vil arbeide tett med eit team av høgt kvalifiserte medarbeidarar og sikre at avdelinga når sine mål. Me søkjer no etter ein avdelingsleiar som vil vere med på å forme framtida vår!
Knutsaåsen omsorgssenter er organisert saman med Stord sjukeheim, og du vil vera ein del av ei trygg og god leiargruppe som har faste møtepunkt. Det er også faste møtepunkt med alle avdelingsleiarane i Rehabilitering, helse og omsorg.
Det kan også bli lagt til nestleiarfunksjon til stillinga om det er ønskeleg.
Kvalifikasjonskrav:
-
Autorisert sjukepleiar med erfaring og kompetanse innan geriatri
-
Erfaring frå og/eller interesse for leiing. Leiarkompetanse er eit føremon.
-
Kunnskap og forståing av turnus, arbeidstidsordningar og lovverk knytt til dette.
-
Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Me ønskjer ein person som:
-
Kan leie og motivere avdelinga sine tilsette
-
Er ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
-
Er fagleg oppdatert og engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis
-
Er pådrivar for internundervisning og fagutvikling i eininga
-
Har høg arbeidskapasitet, er påliteleg, fleksibel og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Har evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
-
Har evne til fleksibilitet, samarbeid og god kommunikasjon med brukar, pårørande og kollega
Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar
Me kan tilby:-
Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver
-
Engasjerte kollegaer med ulik erfaring og kompetanse
-
God opplæring og oppfølging
-
Inkluderande arbeidsmiljø
-
Høgt fagleg nivå
-
Bedriftshelseteneste
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Søknadsfrist: 20.07.25
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar, ta kontakt med:
-
Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane, tlf 924 86 358 (F.o.m 01.09.25)
-
Einingsleiar Kristin Steinsland, tlf 416 94 266
Kontaktperson for stillingen
Britt Nelly H Barane
Einingsleiar
924 86 358
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
737d8f52-5859-4684-838b-7f19f5659e45
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
737d8f52-5859-4684-838b-7f19f5659e45