Tangent/pianolærar - 100 % fast stilling
Ålesund kulturskole, Kommunalområde Samfunn
Larsgårdsvegen 6, 6009 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tangent-/pianolærar - 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ålesund kulturskole har ledig ei fast 100 % stilling som tangent-/pianolærar frå 1. august 2025.
Arbeidsoppgåver
- Kulturskoleundervisning på piano, individuelt, men også i gruppe. Det kan også vere aktuelt med akkompagnementsoppgåver og undervisning i skole, som t.d. 123 klang i SFO og fordjupingsinstrument i vidaregåande skole.
- I stillinga ønsker vi ein person som også kan jobbe med rytmisk musikk, improvisasjon og musikkteknologi.
- Delar av undervisninga kan vere desentralisert, slik at den tilsette må ha førarkort (klasse B).
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskoleutdanning i musikk, med tangent-/piano som hovedinstrument, og tilfredsstillande pedagogisk kompetanse.
- Det er ønskeleg med utdanning/erfaring innafor rytmisk musikk/jazz og improvisasjon og erfaring frå undervisning i kulturskole/skole.
- Det er krav om politiattest, jf. OPL § 17-11.
- Undervisninga skjer på norsk.
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker oss engasjerte, initiativrike, samarbeidsvillige og sjølvstendige tilsette ved Ålesund kulturskole. Vi trenger ein nysgjerrig og søkande lærar som kan utvikle faget i lag med kollegiet. Vi ønsker å utvikle breidda i tilbodet vårt, m.a. med digitale instrument og musikkteknologi.
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape engasjement om (nye) aktiviteter er viktig.
- Samarbeid og oppslutning om kommunen sine verdiar, open - engasjert - modig, er viktig for oss.
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, eit godt arbeidsmiljø og stor fleksibilitet i å utvikle faget og eigen arbeidskvardag.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar og avtaleverk.
- Undervisningsstillingar i kulturskolen er plassert i kap. 4 B i HTA etter kompetanse og ansiennitet.
Kontaktinformasjon
Miki Campins, Avdelingsleiar, +47 471 50 519, miguel.angel.camacho.campins@alesund.kommune.noGro Dalen, Verksemdsleiar, +47 975 60 984, gro.dalen@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Larsgårdsvegen 66009 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde SamfunnReferansenr.: 4927816778
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.03.2025
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2875639
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8e625b9dcf89419e9245e654a71aa8b0