LEDIG STILLING SOM PEDAGOGISK LEIAR 2. gongs utlysing
Barnehagane i Kviteseid
3850 Kviteseid
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leder (barnehage/førskole)
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Antall stillinger
4
Er du ein positiv og tydeleg leiar med omsorg for barna? Då søkjer vi etter deg!
VI har ledige stillingar i alle barnehagane i kommunen: OPPGI KVA STILLING DU SØKJER I KVA BARNEHAGE
Kviteseid barnehage: 100% fast stilling
Brunkeberg barnehage: 100% vikariat frå 15.08.23-01.05.24
100% vikariat frå 15.08.23- 15.08.24
Straumsnes barnehage: 80% vikariat frå 01.08.23-31.12.23
Kviteseid barnehage ligg saman med Kviteseid skule i nærleiken av Kviteseid sentrum. Barnehagen har 59 plassar for barn i alderen 1-5 år.
Brunkeberg oppvekstsenter Ligg saman med Brunkeberg skule i Brunkeberg og har 48 plassar for barn i alderen 1-5 år.
Straumsnes barnehage ligg i Vrådal og har 24 plassar for barn i alderen 1-5 år.
**Kvalifikasjonar:**Godkjent og gjennomført 3-årig barnehagelærarutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning med barnehagepedagogikk. Andre søkarar kan også bli vurdert
Arbeidsoppgåver:· Syte for at alle barna har ein trygg stad å vere
· Leie og organisere arbeidet på avdelinga du er ansvarleg for
· Førebu og gjennomføre det pedagogiske innhaldet i barnehagedagen
· Vera rettleiar og inspirator for andre tilsette
· Syte for at nødvendig informasjon blir gitt
· Ansvar for å utarbeide månadsplanar
· Førebu og gjennomføre foreldresamtaler
· Utvikle eit trygt og godt foreldresamarbeid
Personlege eigenskapar:· Tydeleg og varm leiar med barnets beste i fokus
· Engasjert, leiken og ansvarsfull
· Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
· Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter
· Glad i og interesse for å vera ute og bruke uteområde og nærmiljø
· Evne til å bygge og leie gode team
· Løysingsorientert, fleksibel, sjølvstendig og gode samarbeidsevner
Tilsetting vil skje i samsvar med aktuelle lovar, reglement og avtaler, løn etter tariff. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn på intervju.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Attestar og vitnemål leggast ved den elektronisk søknaden.
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. Lov om barnehager §30.
Har du spørsmål om stillingane, ta kontakt med Styrar Kviteseid barnehage Eva Lundeberg tlf. 350 55 310 eller 908 58 144 Styrar Brunkeberg oppvekstsenter Anne Helen Berge tlf. 350 55 360 eller 911 53 737 Styrar Straumsnes barnehage Ingvild Skipar tlf. 92289964 Søknadsfrist: 02.06.2023Om bedriften
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2349648
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
73693f49-4989-4d0d-9e73-fd45d718cb61