Forsker (mellombels)
Universitetet i Bergen
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Forsker (mellombels)
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Antall stillinger
1
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi (IKO), er det ledig ein mellombelsstilling som forskar (100 %, stillingskode 1109) for ein periode på eitt år (1 år). Stillinga er eksternfinansiert av Olav Thon Stiftelsen, gjennom eit stort samarbeidsprosjekt med tittelen “Let`s make bone – 3D printing as a tool for bone regeneration”.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Stillinga høyrer til eit prosjekt som er retta mot utvikling av bioblekk som kan brukast i nydanning av beinvev. Spesifikke mål er:
- Bruke 3D Printing Technology (3DP Technology) for å produsere implanterbare stillas med optimal samansetting og geometri for beinregenerering.
- Bruke 3D BioPrint (3DBP)-metodar for å etterlikne strukturell og cellulær samansetning av bein.
- Undersøkje om 3DP-3DBP hybridstrukturar kan brukast for å lette beinregenerering ved å kombinere fordeler frå begge teknologiane, det vil seie mekanisk styrke til 3DP-stillas og cellulær organisering og bioaktivitet levert av 3DBP.
- Samanlikne resultat in vitro dynamisk kultursystem (bioreaktor) og in vivo for generering av pålitelege metodar for å studere beinregenerering og føreseie stillaset sin oppførsel.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad.
- Søkjarar med grad i odontologi eller oral kirurgi og oral medisin vert oppfordra til å søkje og blir føretrekt.
- Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil vere positivt og vil verte tilgodesett.
- Søkjaren må ha erfaring med frå in vitro dynamisk kultursystem (bioreaktor), 3D-modellering og beregningsanalyser.
- Erfaring med å isolere og karakterisere stamceller vil være ein føremon.
- Søkjarar må ha erfaring i rådgiing, rettleiing av studentar, undervising, skriving av manuskript og fortrinnsvis også søknader.
- Personlege eigenskapar, inkludert evne til å jobbe uavhengig og kunne samarbeide i ei forskingsgruppe, vert vektlagt i vurdering av søkjarane.
- Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk.
Vi kan tilby:
- Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan.
- Løn etter lønssteg 64 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 624 500. For søkjarar med spesialitet lønssteg 66, for tida 646 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne.
- Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV).
- Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar).
- Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
- Doktorgradsavhandlinga (pdf).
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
- Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
- Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
- Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til
- både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
- Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og
- forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
- Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
- Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
- Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i
- forskingsgruppa
- Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
- Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Kamal Mustafa, e-post: kamal.mustafa@uib.no, tlf. +47 55 58 60 97.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig