Kyrkjelydspedagog
Alver kyrkjelege fellesråd
Lonsvegen 100, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kyrkjelydspedagog
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 22. april
Har du eit ønske om å gi Jesus vidare til nye generasjonar? Vi søker etter ny kollega til arbeidet for og med barn og unge i Knarvik sokn.
Alver kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som trusopplærar i Knarvik sokn i 60%-stilling. Her får du vere på gode og gøye samlingar i trusopplæringa, saman med stab og frivillige medarbeidarar.
Arbeidsoppgaver
- Saman med stab og frivillige planlegge og gjennomføre samlingar, og vidareutvikle desse, ut frå gjeldande trusopplæringsplan.
- Aktuelle samlingar er til dømes: Babysang, fredagsklubb for tweens, delta på familiegudsteneste og i konfirmantarbeidet.
- Delta på julevandringar for barnehagane og på skulegudstenester.
- Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar.
- Kateket er leiar for undervisningsarbeidet i kyrkjelyden, og har ansvar for undervisninga av konfirmantane. Fordeling av arbeidsoppgåver mellom kateket og kyrkjelydspedagog vert gjort etter kvalifikasjonar og erfaring.
- Arbeid ettermiddag/kveld og helg må påreknast.
Oppgåvene kan endrast etter avtale med arbeidsgjevar. Kyrkjelydspedagog kan òg få oppgåver i andre deler av fellesrådsområdet.
Kvalifikasjoner
- Relevant utdanning med kristendomsfag og/eller pedagogikk i kretsen.
- Relevant praksis frå kristen undervisning og forkynning for barn.
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Kunnskap/erfaring med bruk av PC som arbeidsverktøy.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlige egenskaper
- Like å arbeide for og med barn og unge, samt å formidle til barn og unge.
- Evne til å planlegge, gjennomføre og evaluerer arbeidsoppgåver.
- God på å samarbeide, og også god på å arbeide sjølvstendig.
- Vise initiativ, vere kreativ og fleksibel.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei variert og triveleg stilling
- Høve til kurs
- Lønn etter gjeldande avtaleverk og tariff (KA)
- Forsikringsordningar gjennom KNIF Trygghet
- Pensjonsordning gjennom KLP
- Gode digitale verktøy og tenestetelefon
- Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
- Søkjarar må ha førarkort og disponere bil.
- Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Kontaktinformasjon
Synnøve Bjørndal, Daglig leiar, 40916407John Fredrik Wallace, Kyrkjeverje, 48284872
Arbeidsstad
Lonsvegen 1005914 Knarvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Alver kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 4943199193
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
John Fredrik Wallace
Kyrkjeverje
48284872
Synnøve Bjørndal
Daglig leiar
40916407
Om bedriften
Knarvik sokn har 4 kyrkjer; Knarvik, Alversund, Seim og Lygra, og omlag 6500 medlemmar. Knarvik kyrkje feira nyleg 10-årsjubileum, og er ei flott kyrkjebygg med svært gode lokale til barne- og ungdomsarbeid. Det er aktivitet i alle kyrkjene, men det meste av arbeidet for barn og unge er lagt til Knarvik kyrkje.
Staben består av sokneprest, spesialprest for barn og unge, kateket, kantor, kyrkjetenar og dagleg leiar, som samarbeider godt. Kontoret er i kyrkjekjellaren i Knarvik kyrkje. Sjå heimesida kyrkja.no/knarvik for meir informasjon om soknet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2896594
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b7a1abf8459648549019c259fc0c9ed0