Sjåfør minibuss og køyreopplæring
Åmot skule, Vinje kommune
3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjåfør minibuss og køyreopplæring
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 27. juni
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg vedlikehald av minibuss
- Oppdrag med transport av deltakarar på Vinje Vaksenopplæring
- Unntaksvis transportoppdrag for Vinje kommune, til dømes skyss av elevar og tilsette ved skuleaktivitetar
- I rolege periodar kan det vere trong for å rettleiie elevar
- Andre skuleoppgåver kan kome i tillegg
Kvalifikasjonar
- Må ha førarkort klasse D, BE, CE
- Røynsle med transport og/eller anleggsnæring
- Norsk som morsmål eller minimum norskprøven B1
- Kurs i HMS
- Fyrstehjelpskurs
Personlege eigenskapar
- God samarbeidsevne, vera strukturert, ryddig og presis
- Serviceinnstilt og fleksibel haldning i arbeidskvardagen
- Trygg og behageleg køyrestil
- Evne til å opptre profesjonelt i ulike situasjonar og ovanfor alle typar passasjerar
- Evne til og ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden. Me gjer merksam på at etter offentleglova §25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege
sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å blir ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga
ikkje vert teke til fylgje, vert søkjaren varsla om dette.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Renate Øien, Verksemdsleiar, +47 40452948Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4986910188
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Renate Øien
Verksemdsleiar
+47 40452948
Om bedriften
Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg, og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1-10 skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
731f2628-a6c8-458d-9bbc-82314cebb788
- Hentet fra
talentech
- Referanse
507727dcb6fc4a5e8cf1d7c33d2fc04f