Elektrofagleg kunnskap? Vi søkjer deg.
VOLTI AS
Klubbenesvegen 39, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
- Type ansettelse
 - Fast, heltid 100%
 - Arbeidsspråk
 - Norsk eller engelsk
 - Antall stillinger
 - 5
 - Arbeidssted
 - Hjemmekontor ikke mulig
 
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Volti AS er ein aktør innan elektro-, og automasjonsbransjen, med fokus på nyskapande løysingar og banebrytande prosjekt. Vi er dedikerte til å skape ei berekraftig framtid, gjennom å integrere avansert teknologi og ekspertise, gjerne inn mot eldre eksisterande system.
Ved å gjenbruke materiell frå eldre skip, bistår vi med vedlikehald og vidare drift for eksisterande skip. Dette bidreg til å auke levetida på eksisterande tonnasje.
I tillegg oppgraderer VOLTI skipa med nyare teknologi for å betre drivstofforbruket og driftstryggleiken.
No ønskjer vi å utvide vårt talentfulle team og ser etter dyktige fagfolk som vil vere med på å forme framtida saman med oss.
Kva vi kan tilby:
- 
Innovative prosjekt: Bli ein del av spennande prosjekt som utfordrar grensene for teknologisk framsteg og det "etablerte".
 - 
Profesjonell utvikling: Vi støttar din faglege og personlege vekst, og tilbyr kontinuerleg opplæring, og utviklingsmoglegheiter.
 - 
Inspirerande arbeidsmiljø: Jobb i eit dynamisk miljø med dedikerte kollegaer som deler din lidenskap for teknologi.
 - 
Konkurransedyktige fordelar: Attraktiv lønn, fleksible arbeidstider, samt gode sosiale goder.
 
Ansvarsområde:
- 
Gjennomføre installasjon av elektriske anlegg ombord i skip og maritime installasjon i tråd med gjeldande standardar og forskrifter.
 - 
Utføre regelmessig vedlikehald for å sikre optimal yting og trygg operasjon av alle elektriske komponentar.
 - 
Gjennomføre testing og inspeksjonar av elektriske system for å sikre samsvar med kvalitetsstandardar.
 - 
Utføre naudsynte reparasjonar og bytte ut utstyr ved behov.
 
Kvalifikasjonar:
- 
Fagbrev elektrikar/gruppe L/DSB
 - 
God kjennskap til maritime tekniske anlegg
 
Ansvarsområde:
- 
Ansvarleg for VOLTI si gjenbrukssatsing, der VOLTI syt for å sikre kvalitet på gjenbrukt elektronikk, og elektromateriell, slik at kundar trygt kan nytte gjenbrukt utstyr til sine skip.
 - 
Koordinere demontering og preservering av utstyr.
 - 
Koordinere reparasjon og testing
 - 
Koordinere sal og marknadsføring av gjenbruksutstyr frå VOLTI.
 
Kvalifikasjonar:
Ansvarsområde:
Kvalifikasjonar:
Slik søkjer du
Er du klar for å ta ditt neste karrieresteg med Volti AS? Send din søknad, CV og ein kortfatta presentasjon av deg sjølv med relevant erfaring innan 20.10.2025.
Søknadsfrist: 20.10.2025Vi ser fram til å høyre frå deg og ynskjer deg lukke til med søknadsprosessen!
Volti AS er ein arbeidsgjevar som verdset mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Om bedriften
VOLTI AS er eit selskap etablert i Ulsteinvik, med avdeling for automasjon Ørsta.
Selskapet har behov for å utvide staben med bakgrunn frå maritim bransje (offshore og fiskeri) og oppdrett. Ved å bringje framtidsretta og berekraftige løysingar til maritim næring vil Volti bidra til å styrkje konkurranseevna til verftsindustrien og utstyrsprodusentar i Noreg, samt syte for at kundar får dra nytte av ny teknologi til å betre sine prosessar og dermed effektivisere sitt arbeide for å auke eigen produktivitet og kvalitet.
Arbeidsstad for stillingane i denne annonsa vil vere vår lokasjon ved Green Yard Kleven i Ulsteinvik.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
 731c50eb-a2da-4461-a137-4b612270e386
- Sist endret
 4. november 2025
- Hentet fra
 FINN
- Referanse
 429223216
Lignende annonser
Elektriker
Arbeidsgiver
Legemyrane 4 AS
Sted
Moltustranda
Arbeidsgiver
MMC First Process AS
Sted
Fosnavåg
Technical Support Engineer
Arbeidsgiver
Vard Electro AS
Sted
Tennfjord