Hopp til innhold

Ønsker du å jobbe som lærar på Tresfjord EnSpire skule?

Arbeidsgiver

Tresfjord Enspire Skule

Sted

Neremsvegen 43, 6391 Tresfjord

Om jobben

Stillingstittel
Lærer
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 2. mars

Send søknad til

post@tresfjordenspire.no

Vårt behov

Frå og med 1. august 2026 har vi behov for å tilsetje ein lærar. Stillingsprosentbehovet er i utgangspunktet 100 %, men det kan også vere mogleg å få redusert stilling om ein ønsker det. Det er difor viktig at du i søknaden skisserer ønska stillingsprosent.

Det er ein fordel om du trivst i kontaktlærarrolla. Om ein ønsker lærarstilling hos oss, må ein altså vere komfortabel med ei slik rolle. Ein kan også rekne med å bli sett til å undervise for dei yngste og/eller dei eldste elevane våre.

Skriv gjerne i søknaden når du tidlegast kan starte opp hos oss. Vi har i utgangspunktet behov frå og med oppstart av planleggingsdagane våre i august, men det kan også vere mogleg å starte opp før sommarferien.

Om stillinga Arbeidsoppgåver

Som lærar hos oss vil du mellom anna ha desse arbeidsoppgåvene og ansvara:

  • Planlegge og gjennomføre variert undervisning i tråd med EnSpire-skulane sin læreplan

  • Prosjektarbeid / tverrfagleg arbeid

  • Samarbeide med føresette og andre tilsette

  • Skape trivsel og bidra til eit trygt og godt klassemiljø og arbeidsmiljø for elevar og tilsette

  • Kontaktlærar eller rolle innan spesialundervisning

  • Vere delaktig i skulen si faglege utvikling


Vi tilbyr

Som tilsett hos oss vil du:

  • vere ein del av eit profesjonsfellesskap av engasjerte og positive tilsette.

  • få støtte og rettleiing frå leiing og andre tilsette ved behov.

  • jobbe på ein skule som dyrkar det unike i kvar enkelt elev.

  • ha lønns- og arbeidsvilkår jf. gjeldande lovverk og tariffavtalar.

  • jobbe på ein skule som vektlegg fagleg utvikling hos tilsette, og som legg til rette for og oppfordrar til kompetanseheving, kurs og (vidare)utdanning.

  • vere med på å utvikle skulen.


Personlege eigenskapar

Som tilsett hos oss forventar skulen at du:

  • er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig.

  • har eit positivt elevsyn, som vil seie at du viser interesse for elevane og møter dei med forståing, respekt og bidrar til å inkludere og motivere alle elevane i undervisninga og/eller gruppa.

  • har gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.

  • er bevisst eigne haldningar, kroppsspråk og praksis.

  • trygg og tydeleg klasseleiar, og som spør andre tilsette om hjelp og støtte ved behov.

  • ønsker å løfte og utvikle alle elevane sine unike sider og styrker.


Kvalifikasjonar

Som tilsett som lærar hos oss ønsker vi at du:

  • har godkjent lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning, gjerne med fordjupning innan spesialpedagogikk.

  • legg fram politiattest før tiltreding.

Det er ikkje offentlege søkarlister hos oss.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Kontakt

Om du lurer på noko, ta gjerne kontakt med dagleg leiar/rektor Martin Melbø via post@tresfjordenspire.no eller 404 07 752 (kontor) / 991 084 42 (mobil).

Postadresse: Postboks 1, 6391 Tresfjord

Besøksadresse: Neremsvegen 43, Tresfjord

Kontaktperson for stillingen

Martin Melbø

Rektor/dagleg leiar

99108442

post@tresfjordenspire.no

Om bedriften

Tresfjord EnSpire skule er ein privat barneskule med EnSpire-profil, lokalisert i vakre Tresfjord i Vestnes kommune. Skulen ligg tett på både fjord og fjell, med naturen som ein naturleg del av kvardagen og av læringsarenaene våre.

Entreprenørskap er ein berebjelke i skulen sin profil. Det inneber at vi arbeider målretta med å utvikle elevane si entreprenørielle basiskompetanse. Elevane skal lære å sjå moglegheiter, ta initiativ, vere kreative og omsetje idear til handling -- både i skulekvardagen og i møte med verda rundt seg.

Skulen har i dag om lag 12 tilsette i ulike stillingsstorleikar og funksjonar, fordelt på skule og SFO. Etter gjennomgang av søknadar for kommande skuleår, vil elevtalet vere nærare 60 elevar.

Hos oss møter du eit engasjert personale og ein skule i kontinuerleg utvikling, der relasjonar, læring og trivsel står i sentrum.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

72de18eb-8522-44e9-9fbf-9fedb7bfd8e5

Sist endret

10. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

72de18eb-8522-44e9-9fbf-9fedb7bfd8e5

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Molde kommune Alle skoler i Molde kommune

Sted

Molde