Vikariat for psykolog
Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge/ PBU, BUP Ytrebygda, Helse Bergen HF
Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog
Oppstart
30. juni 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 19. juni
Ønsker du deg ein fagleg engasjerande, variert og meiningsfull jobb på ein poliklinikk med eit godt arbeidsmiljø? Likar du å jobbe sjølvstendig med god støtte frå fagleg kompetente medarbeidarar? Er du løysingsorientert og opptatt av å ha det kjekt på jobb sjølv om arbeidskvardagen kan vere travel? Då er du rett person for oss! Vi har eit ledig 100% vikariat for psykolog som vi oppmodar deg til å søke på.
BUP Ytrebygda held til på Nesttun og gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er om lag 13 500 barn i opptaksområdet, som består av byområdet Ytrebygda i Bergen kommune, og Bjørnafjorden kommune. Poliklinikken har ca. 30 tilsette, med ulik kompetanse og erfaring. BUP Ytrebygda og BUP Fana er samlokalisert og samarbeider om enkelte pasientgrupper og tilbod. Vi er organisert i to geografiske team, noko som gjer at alle får erfaring med utgreiing og behandling av alle typar psykiske lidingar og nevroutviklingsforstyrringar i heile aldersspekteret.
For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg. Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr. Lov om Helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing av psykiske lidingar hos barn og ungdom
- Individuelt tilpassa behandling (individuell behandling, familiebehandling, gruppebehandling)
- Råd (konsultasjon) og rettleiing til skular, barnehagar og 1.linjetenesta
- Samarbeid med kommunehelsetenesta, barneverntenesta og andre delar av spesialisthelsetenesta
- Det blir forventa at psykologspesialistar gir rettleiing til psykologar under spesialisering og at dei deltar i poliklinikken sitt inntaksteam
Kvalifikasjonar
- Godkjend autorisasjon som psykolog i Noreg, fortrinnsvis NPF-godkjend spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi
- God erfaring med utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos barn og ungdom
- Erfaring med evidensbaserte behandlingsmetodar og familierettleiing
- Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
- Erfaring med pasientadministrative verktøy (DIPS) Erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta for barn og ungdom vil bli vektlagd
Personlege eigenskapar
- Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
- Høg fagleg og fagetisk medvit
- Løysingsorientert
- Evne til å jobbe fleksibelt, sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til et positivt arbeidsmiljø
- Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingar Ved tilsetjing blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg og stabilt arbeidsmiljø
- Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
- Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
- Støtte til spesialistutdanning eller vedlikehaldskurs
- Delvis fleksibel arbeidstid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linda Helen Knudsen Flygel, Seksjonsleiar, 55978000Arbeidsstad
Østre Nesttunvegen 205221 NESTTUN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4980270953
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 30.06.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 19.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Linda Helen Knudsen Flygel
Seksjonsleiar
55978000
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
72db2a39-5af4-4c55-a462-ef71b9245da9
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c513b8b021084715888ef0ac1c4a4b02