Faste helgestillingar i miljøtenesta
Miljøtenesta, Stad kommune
Elvebøen 2A, 6770 Nordfjordeid, 6750 Stadlandet, Reset 3, 6740 Selje
Om jobben
- Stillingstittel
- Helgestillingar i miljøtenesta
- Type ansettelse
- Fast, deltid 32%
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. november
Miljøtenesta i Stad kommune søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar ved avdelingane Elvebøen og Myroldhaug på Nordfjordeid og Miljøtenesta Ytre.
Miljøtenesta gir tenester til personar med ulike behov for oppfølging, rettleiing og bistand i kvardagen. Målet vårt er å bidra til tryggleik, meistring, sjølvstende og gode kvardagar for den enkelte.
Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb der du kan utgjere ein forskjell i kvardagen til andre menneske. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med varierte oppgåver, gode kollegaer og høve til å utvikle deg både fagleg og personleg.
Avdeling Elvebøen har ledig:- 2 x 20 % stillingar med langvakt kvar 4. helg
- 1 x 30 % stilling med nattevakter kvar 3. helg
Miljøtenesta Ytre har ledig:
- 1 x 25 % stilling med langvakter kvar 4. helg
- 3 x 32 % stilling med nattevakter kvar 3. helg
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling
- Kartlegge og vurdere behov
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
Kvalifikasjonar
Vi ser særleg etter deg som:
- Har helsefagleg utdanning
- Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag
- Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren
- Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Du må vere over 18 år
Personlege eigenskapar
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Silje Sneide, Avdelingsleiar Miljøtenesta ytre, 48119558, silje.sneide@stad.kommune.noCamilla Andersen, Avdelingsleiar Elvebøen, 45877417, camilla.andersen@stad.kommune.no
Ann-Charlotte Jansson, Einingsleiar Miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Elvebøen 2A6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5194204335
Stillingsprosent: 32%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
72d9d455-4955-40c9-8ec1-ec01653093ba
- Sist endret
6. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
61472b92af414750840716fd12a24489