Er du sjukepleiar og nysgjerrig på hjernen og nervesystemet?
Nevrologisk post, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. juli
Hos oss får du jobbe tett på pasientar som treng både akutt behandling og tidleg rehabilitering. Kvardagen er variert, og du blir ein del av eit tverrfagleg team med fysioterapeutar, ergoterapeutar, logoped og flinke kollegaer som jobbar tett saman.
Avdelinga vår består av poliklinikk, EEG-laboratorium og ein sengepost med 14 plassar – 6 på slagseksjonen og 8 på generell nevrologisk seksjon.
Nevrologi er eit spennande fagfelt i rask utvikling – og hos oss får du møte både akutt og kronisk sjuke pasientar. Vi ser heile mennesket, både dei fysiske og psykososiale behova, og jobbar tett på både pasientar og pårørande. Du blir ein del av eit kollegium som stiller opp for kvarandre og gir deg ansvar og støtte i kvardagen.
Vi har fokus på fag og kvalitet – hos oss er både kursdagar og personalmøte ein fast del av turnusen. I 2027 flytter vi inn i heilt nye og moderne lokale, noko vi ser fram til.
👉 Vi håper du har lyst til å bli med oss, gjerne så snart som mogleg.
Kva går jobben ut på?
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Utføra vanlege sjukepleieoppgåver og få opplæring i meir spesialiserte prosedyrar, som å assistere ved spinalpunksjon, gi intravenøs behandling og handtere trakeostomi
- Gi opplæring til pasient og pårørande
- Inngå i tverrfagleg samarbeid for å gi pasientane best mogleg opphald på avdeling
- Gi omsorg til pasient og pårørande
- Rettleia studentar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisert sjukepleiar
- Gode IKT - kunnskapar, gjerne erfaring med DIPS og Meona
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske -statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er motivert og har interesse for faget
- møter på jobb med god arbeidsmoral og er påliteleg
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
- har god vurderingsevne og arbeider strukturert
- trivst både i samarbeid med andre og når du jobbar sjølvstendig
- kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- er fleksibel og finn løysingar når det trengst
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
- Varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring på spesialkompetanse på tracheostomi
- Fagleg utvikling gjennom kursdagar i turnus og moglegheit for å delta på kurs
- Tilrettelegging for videreutdanning av ansatte i faste stillinger
- Verneombud, tillitsvalgt, kollegastøtteordning, fagsjukepleiar
- God opplæring. Vi tek godt vare på deg heile opplæringstida
- Ein spennande avdeling med godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Håvard Lauritsen Øvrebø, Funksjonsleder, havard.lauritsen.ovrebo@helse-fonna.noKirsten Solstrand, Avdelingsleder, kirsten.solstrand@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4984290067
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 18.08.2025
Sluttdato: 30.08.2026
Søknadsfrist: 06.07.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
72d81c7b-3b26-4d46-b580-50af8a4f912f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
94ae81fa41b24cbfbe1a5fd2a9d37047