Landbruksarbeider 100% på eit foretak
Øivin Mortensbakke
Mortensbakkevegen 54, 6817 Naustdal, Sunnfjord
Om jobben
Stillingstittel
Landbruksarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Søker Gårdsarbeider til gardsdrift med ammekyr, sauehold og skogsdrift. Varierande arbeidsoppgaver gjennom året som: fjøsstell med foring og ettersyn av dyr under kalving/lamming, våronn med såing/gjødsling, innhausting både i silo og rundballar, ettersyn av gjerde og evt nyoppsetting, vedlikehold av bygningar, ettersyn og flytting av dyr på beite, heimsanking av dyr, og mykje anna. Erfaring og landbruksutdanning er eit pluss men ikkje eit krav, sidan mykje av opplæring vert gjeve på plassen. Det er ynskjeleg att ein har førarkort på bil/traktor. Har hatt fremmedspråklege før og er åpen for dei som ikkje snakkar norsk også, sjølv snakkar eg flytande engelsk og har tilgang til rumensk/russisk tolk. Løn etter tariff frå jorbruk og gartnerinæringa. Er det rette person som er lærevillig og løsningsorientert kan det vere fast jobb i lang tid framover.
Det følger bolig med stillinga som er lokalisert i gardstunet, og det kan vere plass til familie også.
Om bedriften
Eg driv eit fulltids jordbruksforetak der drifta er fordelt på sauehold med 150 vinterfora sau, og sjølvrekruterande kjøttfe med 50 ammekyr og full framforing av kalvane. Drifta føregår på 2 gardsbruk plass ein masse leigejord. Det er også ein god del skog på bruket, så det skal takast ut både tømmer og ved. Driv og litt leigekøyring med maskiner til andre i tillegg til gardsdrifta. Har og utleige enheter på garden viss nokon vil bu her. Har alltid hatt ekstra jorbruksarbeider til arbeidshjelp som eg samarbeider godt med. Men han eg har no går av med pensjon om ikkje lenge. Det er eit veldig variert arbeid gjennom året og stor fleksibilitet på arbeidstider så ein kan spare seg opp fridagar om ein vil. Dei som har jobba her har likt seg godt, både med plassen og miljøet.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2279291
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
72ce9d98-4a12-4885-9781-4a740a8e168a