Vestlandske Teatersenter i samarbeid med Teater Vestland søker kunstnarleg konsulent/teaterinstruktør
Vi søker:
Kunstnarleg konsulent/teaterinstruktør i 60 % stilling med arbeidsstad på Teater Vestland i Førde
Arbeidsoppgåver:
· Teaterundervising for born og unge nokre ettermiddager i veka
· Planlegging og gjennomføring av framsyningar
· Halde kurs og drive kompetanseoverføring
· Konsulent for amatørteatermiljøa
· Delta på møter internt og vere ein bidragsytar til kompetansemiljøa
Personlege eigenskapar:
· Positiv og engasjert
· Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
· Samarbeidsvillig, kreativ og løysingsorientert
· Gode kommunikasjons- og relasjonsevner
· Gode organisatoriske evner
· Arbeidsam og robust
Kvalifikasjonar:
· Utdanning i drama/teater/regi/skodespel frå høgskule eller universitet
· Pedagogisk utdanning er ønskeleg
· Erfaring med å undervise born og unge er ønskeleg
· Regierfaring er ønskeleg
· Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr:
Tilsetting i engasjement i 50% stilling i Vestlandske Teatersenter og 10% stilling i Teater Vestland fram til 30. juni 2021, med moglegheit for forlenging.
Gode og inkluderande arbeidsmiljø, med god kontakt med kollegaer i Bergen og med fysisk arbeidsstad på Teater Vestland i Førde.
Gode fagmiljø med profesjonelle rammer, rettleiing og moglegheit for fagleg utvikling
Løn etter nærare avtale.
Kontaktinformasjon:
Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar i Vestlandske Teatersenter, Monika Borge eller påtroppande teatersjef, Teater Vestland, Cecilie Grydeland Lundsholt.
E-post: monika@teatersenter.no
Telefon: 932 32 816
E-post: cecilie@teatervestland.no
Telefon: 99159124
Send søknad og CV på e-post til monika@teatersenter.no innan 7. desember.
Om bedriften
Vestlandske Teatersenter (VT) er eit regionalt kompetansesenter med sete i Bergen. Vi driv med kompetanseutvikling i heile landet, men hovudtyngda av aktiviteten skjer på Vestlandet. Vi driv med teaterundervisning av barn, unge og vaksne og bidrar med rettleiing og kursing av amatørteaterfeltet i fylket.
Teater Vestland, tidlegare Sogn og Fjordane Teater, er regionteater i Vestland fylke med scene, produksjonslokale og administrasjon i Førde. Teater Vestland er eit produserande og turnerande teater og nyttar nynorsk målform og vestnorske målføre som scenespråk.