Rettleiar
NAV Askøy
5300 Kleppestø
Om jobben
Stillingstittel
Rettleiar - vikariat
Oppstart
1. juni 2023
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Ønsker du å gjere ein forskjell innanfor eit viktig samfunnsområde? Blir du motivert av å jobbe med menneske? Ser du gode løysingar og har interesse for offentleg forvaltning med menneske i sentrum? Då er dette kanskje jobben for deg.
På NAV Askøy, avdeling Arbeidsliv, har vi ledig eit vikariat i 100 % stilling som rettleiar med oppstart enten 1. juni eller 1. august. Rettleiaren skal følgje opp personer over 30 år med sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar som har eit arbeidsforhold dei skal behalde.
Som rettleiar vil du ha mykje kontakt med arbeidsgjevarar, tiltaksarrangørar og helsepersonell. Vi ser etter deg som bygger gode relasjonar, er god til å samarbeide, motivere og til å finne gode løysingar til det beste for menneske i omstilling.
Arbeidsoppgåvar
- Følgje opp og rettleie personar som er sjukmelde frå sitt arbeidsforhold eller som mottek
arbeidsavklaringspengar, både digitalt og i samtalar - Leie møter og legge til rette for gode prosessar saman med arbeidstakar og arbeidsgjevar
- Sakshandsaming etter lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning og tiltaksforskrifta
- Følgje opp eiga brukarportefølje
- Kartlegge og avklare arbeidsevne, ressursar og moglegheit for arbeid
- Motivere for arbeid og aktivitet
- Samarbeide med arbeidsgjevarar, helsepersonell og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskole/ universitet, for eksempel innan samfunnsfag, jus, rettleiing, helse eller sosialfag. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- evne til å jobba sjølvstendig, strukturert og målretta mot konkrete tidsfristar
- god digital kompetanse og evne til å sette deg inn i nye fagsystem
- gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg
Det er ynskeleg at du har:
- erfaring frå NAV, eller erfaring med å følgje opp sjukemeldte og/eller arbeidsretta oppfølging
- erfaring innan saksbehandling
- god kunnskap og interesse for arbeidsmarknaden og/eller erfaring frå arbeidsgjevarkontakt
- erfaring med møteleiing
- kompetanse innan rettleiing
Personlige eigenskapar:
- evne til å sjå kvar enkelt sine ressurar
- evne til å planleggje og stukturere arbeidsoppgåver
- robust, effektiv og har høg arbeidskapasitet
- gode samarbeidsevne og er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
- evne til å finne løysingar og tar initiativ
- meistre ein arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgaver og høgt tempo
Vi tilbyr
- spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- aktive og engasjerte kollegaer
- trening i arbeidstida (ein time i veka)
- tilsetting i stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr. 534 900, til kr. 593 500 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
- god pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%)
Kontaktinformasjon
Gunn Heidi Stokken, Avdelingsleiar, 97778562Helga B. Torgersen, NAV leiar, 40806185
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4635698728
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.06.2023
Sluttdato: 30.06.2024
Søknadsfrist: 29.03.2023
Om bedriften
NAV søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i NAV. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrifter via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2283117
- Hentet fra
talentech
- Referanse
98072ec3ace447569fe274f4585d35c2