Områdeleiar
EIU- Eigedom, Vestland fylkeskommune
Vestre Strømkaien 13, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Områdeleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 14. januar
Eigedomsavdelinga er fagavdelinga for bygg- og eigedomssaker i Vestland fylkeskommune. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Eigedomsavdelinga har totalt om lag 400 tilsette over heile fylket. Drift og vedlikehald av bygningsmassen er organisert i driftsområde under leiing av ein områdeleiar.
Vi søkjer etter områdeleiar frå 01.05.2026 i vårt Driftsområde 7, Voss, Hjeltnes, Odda og Kvam. Områdeleiar rapporterer til seksjonsleiar. Det er for tida sju driftsoperatørar i området som har ansvaret for skulane Kvam Vidaregåande skule, Odda vidaregåande skule, Voss Gymnas, Voss Vidaregåande skule og Hardanger produksjonsskule. Kontorstad Bergen eller Voss
Arbeidsoppgåver
- Du vil vere ansvarleg for drift og vedlikehald av fylkeskommunale bygg i området.
- Du vil leie driftseininga, noko som også inkluderer personalansvar.
- Du vil følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt.
- Du vil vere byggeigar sin representant på dei ulike bygga ved innkjøpte tenester tinga ved eigedomssekjonen.
- Du vil sørge for at rutiner kring til internkontroll blir følgde.
- Du vil, i samarbeid med eigedomsavdelinga, vera ansvarleg for at bygget tilfredstiller krava i offentlege lover og forskrifter, herunder delta på offentlege tilsyn.
- Du vil bidra i arbeidet med å utarbeide vedlikehaldsplanar for bygningsmassen.
- Du vil vere brukarkontakt mellom skule og eigedomsavdelinga.
Lista er ikkje uttømmande, og du vil etter kvar kunne få andre oppgåver knytt til driftsansvar for VLFK sine eigedomar i distriktet. Noko reiseverksemd må påreknast for denne stillinga.
Kvalifikasjonar
- Vi ynskjer oss deg med utdanning på bachelornivå eller teknisk fagskule innan tekniske fag/bygg. Dersom du har anna dokumentert relevant realkompetanse kan dette erstatta utdanningskravet.
- Det er ein fordel om du har leiarerfaring. Dersom du har erfaring frå drift av bygg og tekniske anlegg vil dette også vere positivt.
- Du må ha førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til kommunikasjon og er kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt.
- Du evnar til å arbeide sjølvstendig og målretta, samstundes som du samarbeider godt med andre.
- Du har god datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy.
- Du trivast i miljø med både elevar og andre tilsette.
Vi tilbyr
- Vi kan tilby spanande oppgåver i eit tverrfagleg miljø.
- Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar.
- Hjå oss vil du få gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Vi har gode offentlege pensjonsordningar.
- Du vil få lønn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Nils Endre Grønås, seksjonssjef, +47 98210310Arbeidsstad
Vestre Strømkaien 135008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5054553336
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Nils Endre Grønås
seksjonssjef
+47 98210310
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
726b3b4e-0599-4e22-8d82-df95e72740e5
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d8794e7dbc5e4857a2c987b5dc4a90f8
Lignende annonser
Etat for bygg og eiendom, Soneleder teknisk drift
Arbeidsgiver
EBE Driftsteknisk avdeling, Bergen kommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
OPK-SL - Slåtthaug vgs, Vestland fylkeskommune
Sted
Nesttun
Arbeidsgiver
INV - Vegbygging bergensområdet, Vestland fylkeskommune
Sted
Bergen