Bli med og bygg framtidsretta forvaltning i eit aktivt samfunn. Austevoll kommune treng ein fagansvarleg byggesak
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Fagansvarleg byggesak Austevoll kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. juni
Er du fagleg trygg på plan- og bygningslova – og ønsker å bli ein nøkkelperson i ein utviklingskommune med høg aktivitet og eit solid fagmiljø? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Austevoll kommune er i sterk utvikling, og vi søker no etter ny medarbeidar med fagleg tyngde i byggesaksavdelinga som kan bidra til god forvaltning, stødig kvalitet og vidare utvikling. Stillinga som fagansvarleg byggesak gir deg eit sentralt ansvar for fagleg rettleiing, kvalitetssikring og oppfølging av komplekse saker – i ei avdeling der samarbeid, struktur og juridisk tryggleik er avgjerande for gode prosessar.
Du vil jobba tett saman med saksbehandlarar, planavdeling, juridiske ressursar og leiar – og vera ein sentral bidragsytar i å sikre god praksis og likebehandling.
Dine hovudoppgåver
Kven er du?
Vi søker deg som har solid byggesakskompetanse, er fagleg stødig og har eit godt blikk for struktur, samanhengar og rolleforståing. Du trivst med å støtte andre, bidra til utvikling – og du evnar å jobbe både sjølvstendig og i tett samarbeid med kollegaer.
Du har:
Kvifor Austevoll kommune?
Vi er ein kommune i vekst – og med høg byggeaktivitet. Du vil få jobbe i eit moderne og inkluderande kommunehus på Storebø, i ei avdeling prega av høg fagleg kvalitet, god kultur og stor tillit. Du blir ein del av eit team på 5 byggesaksbehandlarar med ulik bakgrunn (jurist, arkitekt, landmålar, realfag m.m.), og vil ha tett samarbeid med både planavdeling og politisk nivå.
Kommunen har sterke næringar innan sjømat og havbruk, og ein variert saksmengde som spenner frå bustadar og hytter – til kaiar, sjøtiltak og næringsprosjekt.
Vi tilbyr
Praktisk informasjon
Arbeidsstad: Kommunehuset på Storebø
Omfang: 100 % fast stilling
Oppstart: Etter avtale – så snart som mogleg
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Spørsmål om stillinga?
Ta gjerne kontakt med:
👤 Ragnhild Hus Fagerbakke, plan- og byggesakssjef – tlf. 94 25 96 19
👤 Ole Magnus Hundvin, rådgivar i Human AS – tlf. 92 33 11 00
Velkommen som søkar til ei stilling med ansvar, påverknad og utviklingskraft – i ein kommune som er i vekst!

- Saksbehandling etter plan- og bygningslova (PBL), med særleg ansvar for komplekse og prinsipielle saker
- Kvalitetssikring og sidemannskontroll av vedtak
- Fagleg rettleiing og støtte til saksbehandlarar i teamet
- Utvikling og forankring av rutinar og praksis i byggesak
- Ansvar for opplæring av nye tilsette
- Førebuing og oppfølging av saker til politisk behandling
Kven er du?
Vi søker deg som har solid byggesakskompetanse, er fagleg stødig og har eit godt blikk for struktur, samanhengar og rolleforståing. Du trivst med å støtte andre, bidra til utvikling – og du evnar å jobbe både sjølvstendig og i tett samarbeid med kollegaer.
Du har:
- Høgare utdanning innan bygg, arealplan, juss eller anna relevant fagområde
- God kjennskap til plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter
- Erfaring frå kommunal byggesaksbehandling
- Svært god skriftleg framstillingsevne
- Gode samarbeidsevner og evne til å gi fagleg støtte og struktur
- Tryggheit i møte med politiske prosessar og krevjande saker
Kvifor Austevoll kommune?
Vi er ein kommune i vekst – og med høg byggeaktivitet. Du vil få jobbe i eit moderne og inkluderande kommunehus på Storebø, i ei avdeling prega av høg fagleg kvalitet, god kultur og stor tillit. Du blir ein del av eit team på 5 byggesaksbehandlarar med ulik bakgrunn (jurist, arkitekt, landmålar, realfag m.m.), og vil ha tett samarbeid med både planavdeling og politisk nivå.
Kommunen har sterke næringar innan sjømat og havbruk, og ein variert saksmengde som spenner frå bustadar og hytter – til kaiar, sjøtiltak og næringsprosjekt.
Vi tilbyr
- Ei stilling med høg fagleg tillit og påverknad
- Godt arbeidsmiljø og moderne fasilitetar
- Gode moglegheiter for fagleg og kompetanseutvikling
- Konkurransedyktig løn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- God fleksibilitet i kvardagen og pendlarmoglegheiter (ferje/hurtigbåt frå Bergen)
- Moglegheit for heimekontor
Praktisk informasjon
Arbeidsstad: Kommunehuset på Storebø
Omfang: 100 % fast stilling
Oppstart: Etter avtale – så snart som mogleg
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Spørsmål om stillinga?
Ta gjerne kontakt med:
👤 Ragnhild Hus Fagerbakke, plan- og byggesakssjef – tlf. 94 25 96 19
👤 Ole Magnus Hundvin, rådgivar i Human AS – tlf. 92 33 11 00
Velkommen som søkar til ei stilling med ansvar, påverknad og utviklingskraft – i ein kommune som er i vekst!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sørvest i Vestland fylke. Austevoll er ein av landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Frå august 2023 vart alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande!
Kommunen har eit folketal på 5 300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 430 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Sektor
Offentlig