Sommarjobb i idylliske Hestad Kapell – Sande i Sunnfjord
Fortidsminneforeininga Sogn Og Fjordane Avdeling
Viksdalsvegen 914, 6973 Sande i Sunnfjord
Om jobben
Er du serviceinnstilt og glad i folk og historie? Me søkjer ein sommarvert til Hestad Kapell i Sande i Sunnfjord!
- Oppstart
- 1. juli 2026
- Stillingstittel
- Guide/Omviser
- Type ansettelse
- Sesong, deltid 70%
- Arbeidstid
- Dagtid, alle dager
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Hva vi ser etter
Me søkjer en omvisar som kan vere med å gje våre besøkande frå inn- og utland ei minnerik oppleving!
-
Du har interesse for historie, arkitektur, pedagogikk eller reiseliv
-
Gjerne erfaring med formidling eller kundebehandling
-
Kan arbeide sjølvstendig og er imøtekomande og ansvarsfull
-
Du meistrar norsk og engelsk godt. Ytterlegare språkferdigheiter er eit stort pluss.
Fordel med eigen bil, då Hestad Kapell ligg landleg til med begrensa offentleg transport
Arbeidsoppgaver
-
Ta imot besøkande og fortelje om kapellet si historie
-
Formidle praktisk informasjon til gjestane
-
Sal av billettar og varer
-
Bidra til enkel orden og reinhald
-
Sørgje for ei triveleg oppleving for gjestane
Kapellet er opent for publikum 11.00-16.00 frå onsdag til søndag i publikumssesongen frå 1. juli til 31. juli.
Vi tilbyr
Hestad kapell ligg idyllisk til på Øyratangen, mellom Vikdalsvatnet og Hestadfjorden. Kapellet vart bygd i 1805 for å erstatte ei stavkyrkje som hadde stått der sidan mellomalderen. Det er eit vakkert kulturminne, omgitt av ein stemningsfull gravplass frå mellomalderen.
-
Ein unik sommarjobb i vakre og historiske omgjevnader
-
Varierte og kjekke arbeidsoppgåver
-
Møte med hyggelege gjestar og historieinteresserte
-
Ei fin erfaring å ha på CV-en
-
løn etter avtale
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk no! 😊
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fortidsminneforeininga er ei landsdekkande kulturvernforeining som arbeider for å ta vare på Noregs bygningsarv og kulturminne. Foreininga vart stifta i 1844 og eig fleire historiske bygningar, som ho vernar og held ved like. Gjennom informasjon, formidling og dugnadsarbeid engasjerer ho lokalsamfunn og fagfolk for å sikre kulturarven for framtidige generasjonar.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
71dd2792-0963-42ba-9a4f-c5cb0f352904
- Sist endret
24. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
71dd2792-0963-42ba-9a4f-c5cb0f352904