Er du omsorgsfull? Ønskjer å vera med å bidra til gode og meiningsfulle dagar til heimebuande personar med demens?
Etne kommune Pleie og omsorg
Holmavegen 30, 5590 Etne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, 60% fast
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. desember
Etne omsorgssenter søkjer helsefagarbeidar/assistent til dagstilling ved dagaktivitet for heimebuande personar med demens. Me søkjer deg som kan bidra med eit brennande engasjement og smittande godt humør som gjer arbeidsplassen til ein god stad å vera. Etne omsorgssenter er eit moderne omsorgssenter som er godt tilrettelagt med hjelpemiddel og høgteknologisk velferdsteknologi.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og støtte til heimebuande brukarar med kognitiv utfordring
- Personsentrert omsorg og tilpassa miljøterapi
- Meiningsfull aktivitet med fokus på meistring
- Sosial kontakt med andre med fokus på den gode samtalen
- Transport til og frå dagsenter
- Samarbeid med pårørande og andre
- Dokumentasjon i fagjournal
- Vera kjent med, og følgje rutinar i gjeldande kvalitetssystem
- Delta i utvikling av eigen arbeidsplass samt delta i rettleiing og opplæring av kollegaer
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar er ønskja, men ufaglærte er og velkomen til å søkja
- Sertifikat klasse B
- God munnleg og skriftleg kommunikasjonsferdigheit
- Det er ønskjeleg med:
- Erfaring og kompetanse innan demensomsorg
- Kunnskap om miljøterapeutisk arbeid
- Kreativt fokus
- God samarbeidsevne
- Strukturert og målretta
- Fleksibel, nytenkande og initiativrik
- God digitalkompetanse og kan tilegna deg gjeldande fagsystem
Eigenskapar
- Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
- Jobbe sjølvstendig og i team, ha god framdrift i arbeidet
- Trivs i eit arbeidsmiljø med fokus på kvalitetsforbetring og utvikling
- Endrings- og lærevillig
- God skriftleg framstillingsevne
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr
- Arbeid på dagtid
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
- Varierte og spannande arbeidsoppgåver
- Fokus på kvalitet og utvikling
- God opplæring
- Gode pensjonsordningar som kan bety mykje gjennom livsløpet
- Gratis parkering i parkeringsanlegg
- Ved å bli en del av vårt team vil du ikkje berre bidra til å gi god omsorg og støtte til våre
- tenestemottakarar, men også oppleva ei meningsfull karriere med rom for fagleg og personleg utvikling.
Annan informasjon
I Etne kommune er du garantert barnehageplass, bygda tilbyr både privat og kommunal barnehage.
Barne- og ungdomsskule i sentrum med gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse. SFO-tilbod kvar dag frå kl. 07.00 til kl. 16.30. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring. Vidaregåande er 1 mils avstand med tilrettelagte bussforbindelsar.
Godt servicetilbod til hotell og matservering. Me har eit flott kultur- og idrettstilbod i kommunen. Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske. Det er korte avstandar til preparerte skiløyper og 1 times avstand til skianlegg. Det er eit mangfald av turisthytter og oppmerka turløyper. Eige treningssenter, 25 meter utendørs oppvarma svømmebasseng, velvære tilbod og fysioterapi.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest.
Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2795391
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3430409_213991_nn