Fengselsførstebetjent
Hustad fengsel
Adresse mangler, 6444 Farstad
Om jobben
Stillingstittel
Fengselsførstebetjent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. august
Om stillinga
Vil du bidra til eit viktig samfunnsoppdrag og bli ein del av eit engasjert og fagleg dyktig arbeidsmiljø?Vi søker no ein førstebetjent til tjenesteoppsettet, som kan bidra til at riktig folk er på rett plass til rett tid – og at våre innsette møter ein kvardag prega av trygghet, forutsigbarhet og respekt.
Vi ser etter deg som trivs med varierte oppgåver og ansvar. Du vil også få ansvar for oppfølging innan personalforvaltning, lønn, og HMS. Stillinga gir moglegheit for både fordjuping og utvikling, og inneber tett samarbeid med einingsleiar, tillitsvalte og verneombod. Dette er ei stilling for deg som liker å ha oversikt, som jobbar strukturert og som ønsker å være en nøkkelperson i en viktig organisasjon.
Du blir ein del av ei engasjert og tverrfagleg leiargruppe, og får ein arbeidskvardag i eit godt og fagleg miljø med om lag 60 dyktige medarbeidarar. Du får ei sentral rolle i eit team som kvar dag arbeider for straff som endrar og legg til rette for at lovbrytarar kan endre seg og integrerast tilbake i samfunnet.
Arbeidsoppgåver
• sørge for at fengselet til ei kvar tid har nødvendig bemanning, planlegge uttak og oppdekking av vakter
• utarbeide bemanningsplan og forslag til turnus
• vere eininga sin HMS-koordinator og ha oppfølging innan HR og HMS-området, inkludert IA-arbeid og handsaming av avvik.
• gjennomføre ROS-analyser
• sjukefråværsoppfølging
• personalansvar for eininga sine vikarar
• delta i rekrutteringsprosessar og tilsettingar
• deltaking i lokalt arbeidsmiljøutvalg (LAMU) og IDF-møter (medbestemmelse etter Hovedavtalen)
• lønns- og budsjettarbeid
• sakshandsaming, samt post-, dokument- og arkivhandtering
Det må påreknast noko reiseverksemd. Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha• bestått fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS
• god kunnskap og erfaring i bruk av IKT-system
• god munnleg og skriftleg framstillingsevne
• relevant tilleggsutdanning
• relevant leiarerfaring
• erfaring med fagsystem innanfor HR, rekruttering, lønn, kvalitets-/avvikssystem
Personlege eigenskapar
• gode samarbeidsevner og trygg kommunikasjon med tilsette
• evne til å tenke strategisk – og samtidig få ting gjort
• nytenkande, initiativrik og med stor arbeidskapasitet.
• god stressmestringsevne
• dyktig til å etablere og vedlikehalde gode relasjonar til medarbeidarar og samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr
• meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
• fleksibel arbeidstid
• gode pensjons, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
• kantineordning, trening i arbeidstida, lading av el-bil mot betaling
• stillinga vert lønt som fengselsførstebetjent frå kr 581 000 – 673 000, avhengig av kvalifikasjonar, det vert trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsleiar Ane Skorpen-Trøen, tlf. 71 26 30 19.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
71cd950c-d60a-4418-9916-49a97b55dd16
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258134