Vikariat lærarstilling Breim skule
Oppvekst, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat lærar Breim skule
Oppstart
13. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. september
Breim skule har omlag 90 elevar frå første til sjuande klasse og 24 tilsette. Skulen er ein PALS-skule.
Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og førebuande opplæring for vaksne. Skulane i Gloppen jobbar tett saman med fokus på fagleg og sosial utvikling. Kommunen satsar på Betre Tverrfagleg innsats (BTI) og Inkluderande barnehage- og skulemiljø. Vi har prosjekt med Høgskulen i Vestland (Dekomp) og Læringssenteret i Stavanger om blant anna desse tema.
Administrasjonsmålet er nynorsk.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer lærarar som har:- godkjend pedagogisk utdanning for arbeid som grunnskulelærar 1-7
- spesialpedagogisk kompetanse
- digital kompetanse
- god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål.
- undervisningserfaring, god kompetanse på klasseleiing og røynsle som kontaktlærar.
Personlege eigenskapar
- evne til samarbeid og bidrag til godt arbeidsmiljø
- relasjonskompetanse
- inkluderande klasseleiing
Vi tilbyr
- løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
- variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
- tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Gro Larsen Hjelle, Rektor Breim skule, +47 906 19 713Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4999278098
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 13.10.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 03.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Gro Larsen Hjelle
Rektor Breim skule
+47 906 19 713
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
71bb0318-7ee9-4380-b1e7-d3a11be73433
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a264037b60f94b3d9d70fea3c439b3e7