Konsulent - oppvekst
Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent oppvekst
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Stranda kommune har ledig 100% fast stilling som konsulent frå 01.09.2025
Arbeidsstad vil vere servicekontor og skule.
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Superbrukar på ulike skuleadministrative støttesystem innanfor økonomi, løn, dokumentasjon, regelverk, planverk og arkiv
- Servicefunksjon mot elevar, foreldre, tilsette og administrasjon
- Ansvar for å koordinere GDPR i skulen
- Sentralbord, skranketeneste og posthandtering.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg med:
- relevant høgskuleutdanning
- kompetanse innan sakshandsaming og kjennskap lov- og avtaleverk innan oppvekst
- formell kompetanse i administrasjon
- God IKT-kompetanse
- Språk: Norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig, systematisk, punktleg og effektivt
- Evne til å takle variasjonar i arbeidsmengd og - form
- Fleksibel og med gode samarbeidsevner
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver i tverrfagleg teneste
- God opplæring
- Tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Normalarbeidstid 37,5 timar pr veke, med fleksitid
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 1500,- pr. mnd for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon for nytilsette Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offenteleg tenestepensjon for nytilsetteKontaktinformasjon
Agnes Caroline Havnen, Rektor, 46411106Paul Ivar Pedersen, Rektor, 46411100
Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4984315551
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2025
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
71b2ff2d-f81a-4d75-b021-dd2f8c8727da
- Hentet fra
talentech
- Referanse
885bdcbd9b774eec9b80e0ab9a8013aa