Hopp til innhold

Vi søkjer rekneskapsførar -- gjerne statsautorisert

Arbeidsgiver

Økonomikontoret Voss AS

Sted

Miltzowsgate 2, 5700 Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Rekneskapsførar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Ønskjer du ein variert og sjølvstendig arbeidskvardag i eit solid og triveleg fagmiljø?

Me ser etter ein engasjert medarbeidar som ønskjer å utvikle seg innan rekneskap og rådgjeving.

Kanskje er du statsautorisert rekneskapsførar, eller du arbeider mot autorisasjon, eller har du erfaring frå rekneskapsbyrå, frå rekneskapsarbeid i privat næring og ynskjer nye utfordringer, eller du rett og slett har interesse for økonomi ? Me oppmodar deg til å søkje uansett kvar du er i karrieren.

Hjå oss får du arbeide tett på kundane og vere ein viktig rådgjevar.

Arbeidsoppgåver og ansvar blir tilpassa kompetansen og erfaringa di, samstundes som du får moglegheit til å utvikle deg vidare i eit sterkt fagmiljø.

Arbeidsoppgåver
  • Rekneskapsføring frå A til Å

  • Kundekontakt og oppfølging, rådgjeving

  • Årsoppgjer og skattemelding

  • Lønnsarbeid

  • Kvalitetssikring og fagleg utvikling

  • Ansvar og oppgåver blir tilpassa erfaring og kompetanse

Me legg størst vekt på at du:
  • er sjølvstendig, strukturert og nøyaktig

  • trivst med kundekontakt og samarbeid

  • kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg

  • har interesse for rekneskap, økonomi og rådgjeving

  • ønskjer fagleg utvikling og tek ansvar

Me kan tilby
  • Konkurransedyktige vilkår

  • Eit solid fagmiljø med høg kompetanse

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og autorisasjon

  • Variert arbeidskvardag med stor grad av tillit og fleksibilitet

  • Moderne system og gode arbeidsverktøy

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar

  • Gode forsikringsordningar og lønnsvilkår

Hjå oss blir du ein del av eit godkjent rekneskapsførarselskap med lange tradisjonar, solide kundar og dyktige kollegaer.

Me ønskjer å vere ein arbeidsplass der både nyutdanna og erfarne medarbeidarar kan utvikle seg over tid.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

Om bedriften

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

719d776d-6e62-4cc8-aa1e-86c16531307f

Sist endret

20. juli 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

469254933

Lignende annonser

Laster lignende annonser