Hopp til innhold

Fast stilling som sjukepleiar - for tida natt

Arbeidsgiver

Hareid kommune - Heimetenesta

Sted

Teigevegen 55, 6060 Hareid

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fast stilling som sjukepleiar f.t. natt
Oppstart
2. februar 2026
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Sektor for velferd er i omstilling og utvikling for å imøtekome behova for helsetenester i framtida. Vi har behov for ein dyktig sjukepleiar i 85 prosent fast stilling for tida i heimetenesta, og 25 prosent fast stilling for tida i korttids-/bueininga. Begge stillingane har arbeid kvar tredje helg. Arbeidstida er for tida natt. 

Våre pasientgrupper krev at vi har høg fagleg kompetanse. Innanfor dei ulike felta i sektoren møter vi mange nye utfordringar, og er i kontinuerleg fagleg utvikling. Dette krev at våre tilsette er fleksible og velvillige overfor endringar.

Arbeidsoppgåver

  • medisinsk og sjukepleiefagleg oppfølging med ansvar og vurderingar
  • pleie- og omsorgsoppgåver 
  • sikre at tenester blir gitt på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
  • rettleie, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
  • medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
  • bruk av velferdsteknologi
  • delta i kvalitetsutvikling av einingane

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide med pasientomsorg på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet. Du må ha

  • autorisasjon som sjukepleiar. Gjerne med vidareutdanning innan relevante fagområder.
  • god digital kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal
  • godt norsk språk, både skriftleg og munnleg (nivå B2)
  • du må kunne jobbe natt
  • krav om at du har førarkort klasse B for arbeid i heimetenesta
  • det er krav om godkjend politiattest av ny dato

Personlege eigenskapar

I sektor for velferd ønskjer vi oss medarbeidarar som er engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte, viser respekt og er rause.

Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner og utøver dette til beste for pasient, pårørande og tilsette. Du klarer å prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne. Du må ha fokus på personsentrert omsorg.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral er viktig for oss. Du må bidra til eit godt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen.

Vi tilbyr

  • ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsfellesskap
  • spanande og faglege utfordringar
  • kurs gjennom NHI og Visma-veilederen
  • forsikrings- og pensjonsordning i KLP, med frivillig fritidsforsikring
  • løn etter gjeldande avtalar

Du må søkje på stillinga digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. 

Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
 
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett. 

 
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.

Kontaktinformasjon

Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, 46801312, sutharsiny.satheskumar@hareid.kommune.no
Karoline Røvreit Flø, Einingsleiar, 94198242, karoline.rovreit.flo@hareid.kommune.no
Synnøve Nystøyl, Einingsleiar, +47 91 14 89 45, synnove.nystoyl@hareid.kommune.no

Arbeidsstad

Teigevegen 55
6060 HAREID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune

Referansenr.: 5044268226
Stillingsprosent: 85, 25%
Fast
Startdato: 02.02.2026
Søknadsfrist: 06.01.2026

Om bedriften

GODE TENESTER - GLADE TILSETTE

Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette. 

Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår. 

Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.

Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.

Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.

Jobbe hjå oss - Hareid kommune

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

717b2651-765a-444a-a0f1-d7fa35b133da

Sist endret

7. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

66d36045253d44528f926998ebbdbda8

Lignende annonser