IT-arkivar - 2. gongs utlysing
Dokumentsenter
Bøgata 67, 3800 Bø i Telemark
Om jobben
Stillingstittel
Arkivmedarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Stillinga som IT-arkivar høyrer til avdeling Dokumentsenter og samarbeider dagleg med store delar av organisasjonen.
Avdelinga er ein del av sentraladministrasjonen og held til på kommunehuset i Bø. Avdelinga har 4 tilsette i 100% stillingar. Kommunehuset har om lag 40 arbeidsplassar.
Om stillingaDokumentsenteret har ansvar for og driv kommunens sak- og arkivsystem Websak. I dette ligg at tilsette og innbyggjarar har tilgang til dokumentasjon som gjer at dei kan utføre arbeidsprosessar og få tak i relevante data på ein enkel og sikker måte. Dokumentsenteret arbeider nært med IKT og skal vere ein naturleg del av den digitale utviklinga i kommunen.
Me søker ein medarbeidar som har " God digital kompetanse
" Interesse for den digitale utviklinga og som har innsikt i alle aspekt ved eit moderne arkiv.
Me ønsker ein medarbeidar som kan" Bidra til ei utvikling der manuelt, rutineprega arbeid blir erstatta med digitale arbeidsprosessar.
" Interesse for, og evne til å tenke nytt, sjå moglegheiter og lære nye system og arbeidsprosessar.
Næraste overordna på faglege spørsmål er fagleiar, einingsleiar har personalansvaret. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver" Gjennomføre og følgje opp integrasjonar mot saks- og arkivsystem
" Opplæring av interne brukarar i saks- og arkivsystem
" Arkivfagleg rådgiving og rettleiing
" Arbeid med kommunen sitt mottak av dokumentasjon, e-post, Altinn, skjema osb
" Registrering og arkivering av dokumentasjon
" Sikre god kvalitet og oversikt i arkivet
" Bidra til å digitalisere og optimalisere data- og dokumentflyt i arbeidsprosessar
" Arbeide med utviklingsprosjekt knytt til Dokumentsenteret
Kvalifikasjonar" Arkiv- og systemkompetanse på høgskule/ universitetsnivå. Rett erfaring og praksis kan kompensere for formell utdanning.
" God digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye digitale verktøy raskt og interesse for utviklinga på dette området
" Erfaring frå praktisk arkivarbeid og elektronisk arkiv- og saksbehandlingssystem.
" God kunnskap om lovverk, føresegner og standardar innan fagområdet
" God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Midt-Telemark nyttar både nynorsk og bokmål
" God forståing av system og informasjonsflyt og god kjennskap til offentleg sektor.
Personlege egenskapar" Aktiv, nysgjerrig og open for endring
" Strukturert og systematisk
" Fleksibel
" Sjølvstendig og ansvarsbevisst
" Pedagogisk innsikt og samarbeidsevner
Vi tilbyr" Moglegheit til å vera ein pådrivar innan fagområdet dokumentasjonsforvaltning, spesielt når det gjeld utvikling innan digitalisering og automatisering.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
AnnaAktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet.
Særskilt for stillingaE-læringskurset for nytilsette skal tas før oppstart i stilling.
OffentleggjeringIflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Midt-Telemark kommune vil varsle søkjara som har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
Søknaden sendastSøknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Om bedriften
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2285246
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
7156206c-223d-4a81-874c-573b58f31c12